Oppdater kontaktinformasjon

Når du har registrert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Oppdater kontaktinformasjonen din 

Du må vere oppført med e-postadresse eller mobilnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret for å kunne få viktige brev og påminningar frå stat og kommune tilsendt digitalt.

Dersom du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret. Logg inn for å oppdatere mobilnummeret og e-postadressa di og for å sjekke kva språkval som er registrert på deg:

Oppdater kontaktinformasjonen din

Du får melding om viktige brev frå stat og kommune

Når stat eller kommune sender eit vedtak eller eit brev med viktig innhald til deg, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa som du har lagt inn i kontaktregisteret. Dette er ei plikt det offentlege har, slik at du alltid får vite at du har fått eit viktig brev digitalt. 

Det er berre stat og kommune som kan hente informasjon frå kontaktregisteret.

Du kan få påminning om legetime og liknande på SMS og e-post

Når du har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di i kontaktregisteret, kan du få påminningar og informasjon frå stat og kommune digitalt. Det kan for eksempel vere påminning på SMS eller e-post om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din.

Oppdater på éin stad

Når du er oppført i registeret, treng du ikkje gi kontaktinformasjonen din til alle dei offentlege verksemdene du er i kontakt med. Stat og kommunar hentar kontaktinformasjonen din frå registeret og kan då senda deg meldingar og dokument digitalt.

Det er du sjølv som oppdaterer kontaktinformasjonen, og du treng berre gjere det éin stad. Du kan velje å registrere anten e-post eller mobilnummer, eller begge delar.

Kva inneheld kontaktregisteret?

Kontakt- og reservasjonsregisteret kan innehalde

  • mobilnummeret og e-postadressa di
  • opplysingar om kva digital postkasse du har valt
  • språkval for digital kommunikasjon
  • informasjon om eventuell reservasjon mot digital kommunikasjon

Det er du som innbyggjar som sjølv registrerer og oppdaterer kontaktinformasjonen, og du oppdaterer han berre på éin stad. 

I personvernerklæringa for kontakt- og reservasjonsregisteret  kan du lese om korleis Difi samlar inn og brukar informasjonen i registeret.  

Du kan velje målform eller språk

Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld opplysing om kva målform eller språk du ønskjer å få dokument og meldingar frå stat og kommune på.

Difi har henta inn språkval frå Skattemanntalet og Det sentrale folkeregisteret hos Skatteetaten og flytta opplysinga til kontakt- og reservasjonsregisteret. Dersom du tidlegare har kryssa av for målform eller språk i skattemeldinga, er det den informasjonen som no er registrert.

Det er opp til den offentlege verksemda som sender deg meldingar eller dokument, å bruke informasjonen om språkval ('språkvalg'). Derfor vil det ta ei tid før alt som vert sendt deg, kjem i den målforma du ønskjer.

Dersom du ikkje har valt språk, kan stat og kommune sjølv velje kva målform eller språk dei vil bruke i kommunikasjonen med deg.

Slik registrerer du deg i kontaktregisteret

Dersom du aldri har logga deg inn på ei offentleg teneste (offentleg sjølvbeteningsløysing) på nett, er du ikkje registrert i kontaktregister. For å registrere deg brukar du ein elektronisk ID og registrerer deg som ny brukar av ID-porten.

Lovheimel for registreringa

Heimel for registrering av opplysingane i kontakt- og reservasjonsregisteret finn du i eForvaltningsforskrifta § 29 og 31.

Det er Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) som er behandlingsansvarleg for kontaktopplysingane i kontakt- og reservasjonsregisteret.  

 

Skaff deg ein digital postkasse

Reserver deg mot digital kommunikasjon

Slette kontaktinformasjon

Sist oppdatert: 
7. desember 2018

Sharethis