Studere

For å studere ved eit universitet eller ein høgskule må du ha generell studiekompetanse. I tillegg har nokre studium spesielle opptakskrav. Det finst også andre vegar til opptak.

Søke studieplass

For å søke studieplass må du først registrere ein nettsøknad hos Samordna opptak innan fristen. Du må sjekke om vitnemålet ditt ligg elektronisk i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og eventuelt laste opp dokumentasjon, som for eksempel kompetansebevis og dokumentasjon på høgare utdanning.

Elektronisk vitnemål

Har du fullført norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, har du truleg elektronisk vitnemål. Du må sjølv sjekke om det elektroniske vitnemålet ditt ligg i Nasjonal vitnemålsdatabase.

Lån og stipend

Du kan få støtte til utdanninga di hos Lånekassen. Utdanninga må vere offentleg godkjend i Noreg for at du kan få slik støtte.

Realkompetanse

Dersom du ikkje har studiekompetanse, kan du komme inn på høgare utdanning på bakgrunn av realkompetansen din, det vil seie kunnskap du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid og anna. 

Opptak etter hovudopptaket

Når hovudopptaket er ferdig, er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. Alle kan søke på dei ledige studieplassane, men du kan berre søke på studium der det framleis er ledige plassar. Du finn informasjon og søknadsfristar for dette opptaket på nettsidene til Samordna opptak. 

Tjenester

  • Søknad om godkjenning av utdanning med rett til dagpenger

    NAV

    Som hovedregel har du ikke rett til dagpenger hvis du er skoleelev eller student, men det er noen unntak. Dersom du ønsker å beholde dagpenger mens du er skoleelev, må du søke om dette. Les mer om dagpenger og utdanning på Nav.no. 

  • Støttekalkulator - Lånekassen

    Lånekassen
    På nettsidene til Lånekassen kan du rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån. Resultatet kan bli annleis dersom det er spesielle forhold inne i bildet.
  • Bistand fra NAV for å komme i arbeid

    NAV

    Her finner du informasjon og søknadsskjema til stønader fra NAV for å komme i arbeid. Det gjelder skjema for dokumentasjon av utgifter til utdanning, egenvurdering av arbeidsevnen, søknad for å beholde dagpenger mens du er skoleelev eller student og innsending av kjøreliste, jobblogg eller annen dokumentasjon i forbindelse med oppfølging fra NAV. 

Pages

Sharethis