Studere
Søkje studieplass
For å søkje studieplass må du først registrere ein nettsøknad hjå Samordna opptak innan fristen. Du må sjekke om vitnemålet ditt ligg elektronisk i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og eventuelt laste opp dokumentasjon, som til dømes kompetansebevis og dokumentasjon på høgare utdanning.
Elektronisk vitnemål
Har du fullført norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, har du truleg elektronisk vitnemål. Du må sjølv sjekke om det elektroniske vitnemålet ditt ligg i Nasjonal vitnemålsdatabase.
Lån og stipend
Du kan få støtte til utdanninga di hjå Lånekassen. Utdanninga må vere offentleg godkjend i Noreg for at du kan få slik støtte.
Realkompetanse
Om du ikkje har studiekompetanse, kan du kome inn på høgare utdanning på bakgrunn av realkompetansen din, det vil seie kunnskap du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid og anna.
Opptak etter hovudopptaket
Når hovudopptaket er ferdig, er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane, men du kan berre søkje på studium der det framleis er ledige plassar. Du finn informasjon og søknadsfristar for dette opptaket på nettsidene til Samordna opptak.