Innhold
Miste og finne jobb
Søke jobb
Har du mista jobben din, kan du finne ledige stillingar og råd om å søke jobb på Nav.no. Der kan du registrere CV-en din og andre opplysningar som er aktuelle for arbeidsgjevarar som søkjer etter arbeidskraft.
Når du er registrert som arbeidssøkar hos Nav, har du rett til å få vurdert behovet ditt for bistand for at du skal komme deg raskast mogleg i jobb.
Du finn meir informasjon om kva du skal gjere dersom du blir arbeidsledig, på Nav.no.
Starte for deg sjølv?
Du kan få hjelp og støtte til å etablere eiga bedrift hos Innovasjon Norge.
Dagpengar
Dagpengar er ei delvis erstatning for tapt arbeidsinntekt. Du må ha fått redusert arbeidstida di med minst 50 prosent og hatt ei minsteinntekt for å ha rett på dagpengar. Du må vere reell arbeidssøkar, dvs. at du aktivt søker arbeid, og du må bu eller opphalde deg i Noreg.
EØS-borgarar som har ei viss tilknyting til arbeidslivet i Noreg etter å ha arbeidd her, kan søkje om norske dagpengar.
Meldekort
Som arbeidssøkar må du sende meldekort til Nav kvar 14. dag. Meldekortet er ei eigenerklæring om arbeid og aktivitet dei siste 14 dagane. Meldekortet kan sendast elektronisk via Nav.no.
Permittering og oppseiiing
Du finn informasjon om permittering og oppseiing på nettsidene til Arbeidstilsynet.
Sosialhjelp
Viss du ikkje har krav på dagpengar, kan du søke om økonomisk stønad (sosialhjelp) hos det lokale Nav-kontoret ditt. Dette er i utgangspunktet ei mellombels inntektssikring, og stønaden tek sikte på å gjere deg sjølvhjelpen. Du kan også ha rett på bustøtte.
Tjenester
Søk godkjenning av utdanning fra utlandet
NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningenHer kan du søke godkjenning av utenlandsk høyere utdanning, utenlandsk fagskoleutdanning, utenlandsk fagopplæring og yrkesopplæring, og som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage.