Miste og finne jobb
Søkje jobb
Har du mista jobben din, kan du finne ledige stillingar og råd om å søkje jobb på Nav.no. Der kan du registrere CV-en din og andre opplysningar som er aktuelle for arbeidsgjevarar som søkjer etter arbeidskraft.
Når du er registrert som arbeidssøkjar hjå Nav, har du rett til å få vurdert behovet ditt for bistand for at du skal komme deg raskast mogleg i jobb.
Du finn meir informasjon om kva du skal gjere dersom du blir arbeidsledig, på Nav.no.
Starte for deg sjølv?
Du kan få hjelp og støtte til å etablere eiga bedrift hjå Innovasjon Norge.
Dagpengar
Dagpengar er ei delvis erstatning for tapt arbeidsinntekt. Du må ha fått redusert arbeidstida di og hatt ei viss minsteinntekt for å ha rett på dagpengar. Du må vere reell arbeidssøkjar, dvs. at du aktivt søkjer arbeid, og du må bu eller opphalde deg i Noreg.
EØS-borgarar som har ei viss tilknyting til arbeidslivet i Noreg etter å ha arbeidd her, kan søkje om norske dagpengar.
Meldekort
Som arbeidssøkjar må du sende meldekort til Nav kvar 14. dag. Meldekortet er ei eigenerklæring om arbeid og aktivitet dei siste 14 dagane. Meldekortet kan sendast elektronisk via Nav.no.
Permittering og oppseiiing
Du finn informasjon om permittering og oppseiing på nettsidene til Arbeidstilsynet.
Sosialhjelp
Viss du ikkje har krav på dagpengar, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp hjå det lokale Nav-kontoret ditt. Dette er i utgangspunktet ei mellombels inntektssikring, og stønaden tek sikte på å gjere deg sjølvhjelpen. Du kan også ha rett på bustøtte.