Spørsmål og svar

Her finn du vanlege spørsmål om korleis du skaffar deg ein digital postkasse, korleis du loggar inn og les posten din og korleis posten blir lagra i den digitale postkassen din.

 

Skaff deg ein digital postkasse

Korleis skaffar eg meg ein digital postkasse?

Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du vel sjølv den postkassen du likar best.

  1. Gå til nettstaden www.norge.no.

  2. Klikk på Velg digital postkasse.

  3. Les informasjonen og vel e-Boks eller Digipost.

  4. For å opprette ein digital postkasse frå e-Boks må du identifisere deg elektronisk med BankIDBankID på mobilBuypass ID eller Commfides.

    For å opprette ein digital postkasse frå Digipost må du identifisere deg elektronisk med BankIDBankID på mobil eller Buypass ID.

  5. For å lese post frå det offentlege må du logge inn via ID-porten.

Du opprettar postkassen hos Digipost eller e-Boks. Får du problem med å opprette den postkassen du ønskjer, kan du kontakte brukerstøtta til den postkassen du har valt.
 

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                

Kva er ein digital postkasse?

Ein digital postkasse er ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanlig e-post til å sende slik informasjon. Skal du kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.

Du må sjølvv opprette ein digital postkasse for å kunne få post digitalt. Dokumenta du får tilsendt digitalt, blir lagra i den digitale postkassen som eit arkiv.

Du må ha en elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå det offentlege i den digitale postkassen. 

Kvifor må eg velje mellom to postkassar?

Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du får velje mellom to postkassar fordi det vil gi deg som innbyggjar den beste løysinga. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit.

Begge postkassane kan ta imot post frå det offentlege digitalt. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar eller forsikringsselskap, skal du kunne velje den postkassen du likar best eller tykkjer har den beste løysninga. 

Du kan likevel berre ha éin postkasse for post frå det offentlege.

For å opprette postkasse, gå til sida Velg digital postkasse her på Norge.no. 

Kven kan opprette ein digital postkasse?

For å opprette ein digital postkasse må du ha

  • norsk fødselsnummer eller D-nummer
  • elektronisk ID fra BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides 

Alderskrav for å få elektronisk ID:

  • Du må vere 15 år for å bestille BankID. Ta kontakt med banken din for å sjekke om du kan skaffe deg BankID.
  • Det er ikkje aldersgrense for å bestille Buypass ID, men du må kunne signere sjølv og ha gyldig legitimasjon når du hentar kortet på Posten.
  • Du må vere 18 år for å bestille Commfides e-ID til deg sjølv. Dersom du er under 18 år, treng du løyve frå føresette for å bestille Commfides e-ID. Med løyve frå føresette er det inga nedre aldersgrense. 

Les meir om elektronisk ID

Kan eg ha felles digital postkasse med ektefellen min?

Nei, alle må ha sin eigen digitale postkasse. Men du kan gi andre tilgang til postkassen din. Den du gir tilgang til, må ha postkasse hos same postkasseleverandøren som du har.

Kontakt brukerstøtte for å få hjelp:                                                                                                               

Kostar det noko å ha digital postkasse?

Nei, digital postkasse er gratis å opprette og bruke for innbyggjarane.

Lastar du sjølv opp mange dokument eller bilde, må du betale for å få lagringsplass ut over 1GB.

Kva er ID-porten?

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til tenester på nett frå det offentlege. For å opne og lese post frå det offentlege i den digitale postkassen din må du bruke ID-porten.                                    

I ID-porten kan du logge inn med MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides for å identifisere deg.

Meir enn 3,5 millionar innbyggjarar brukar ID-porten kvart år.

Les meir om ID-porten

Kven står bak e-Boks og Digipost?

Det er Posten Norge AS som har utvikla og står bak Digipost. e-Boks A/S er eit sjølvstendig dansk selskap eigd av Nets og Post Danmark. e-Boks A/S eig det norske dotterselskapet e-Boks AS. 

Kvifor får eg e-post om å opprette digital postkasse når eg allereie har gjort dette?

Når offentlege verksemder sender ut e-post med oppfordring om å opprette digital postkasse, brukar dei informasjonen som ligg i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.

Dersom du tidlegare har registrert e-postadressa di på ein annan person, er det du som får e-posten med oppfordringa dersom denne personen ikkje har oppretta digital postkasse. Du har kanskje hjelpt eit familiemedlem med sjølvmeldinga og har i samband med det oppgitt e-postadressa di for å få eingongskodar på e-post for å logge inn i Altinn med MinID.

Logg inn for å lese posten din 

Korleis loggar eg inn hos Digipost for å lese posten min?

Når du har skaffa deg postkasse hjå Digipost, opnar du posten din ved å logge inn via heimesida deira.

For å lese post frå det offentlege må du velje å logge inn via ID-porten.

  1. Gå til www.digipost.no og klikk på "Logg inn".
  2. Klikk deretter på det raude feltet "Logg inn via ID-porten".
  3. Vel ein av innloggingsmetodane.

Du vil få varsel på e-post eller SMS når det offentlege har sendt deg post i den digitale postkassen din.

Dersom du har oppretta postkasse både hos Digipost og e-Boks, må du velje kva postkasse du ønskjer at det offentlege skal sende post til.

Du kan når som helst sjå kva postkasse du har valt ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Korleis loggar eg inn hos e-Boks for å lese posten min?

Når du har skaffa deg postkasse hjå e-Boks, opnar du posten din ved å logge inn via heimesida deira. 

For å lese post frå det offentlege må du velje å logge inn via ID-porten.

  1. Gå til www.e-boks.no og klikk på "Logg inn via ID-porten".
  2. Vel ein av innloggingsmetodane.

Du får varsel på e-post eller SMS når det offentlege har sendt deg post i den digitale postkassen di.

Dersom du har oppretta postkasse både hos e-Boks og Digipost, må du velje kva postkasse du ønskjer at det offentlege skal sende post til. 

Du kan når som helst sjå kva postkasse du har valt ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Kan eg logge inn med «BankID på mobil» for å lese post frå det offentlege?

Ja, du kan logge inn med «BankID på mobil», det gir høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4), og gir deg tilgang til å lese post frå det offentlege når du loggar inn med ID-porten.

Er digital postkasse det same som e-post?

Nei, ein digital postkasse er sikrare enn e-post fordi både avsendar og mottakar må stadfeste identiteten sin.

Post som det offentlege sender til deg i den digitale postkassen din, blir sendt kryptert, som skjult tekst. For å opne og lese posten i den digitale postkassen må du legitimere deg gjennom ID-porten.

Det er berre du og dei du har gitt løyve til, som kan lese posten din frå det offentlege.

Kan eg gi andre tilgang til den digitale posten min?

Ja, sjølv om den digitale postkassen er din privat, kan du gi andre tilgang til å lese posten din.

Den du gir tilgang, må ha digital postkasse hjå den same postkasseleverandøren som du har.

Du kan trekke tilbake tilgangen når du måtte ønskje det, slik at berre du har tilgang att. Sjå informasjon hjå e-Boks og Digipost om korleis du går fram for å gi andre tilgang til postkassen din.

Kontakt brukarstøtte dersom du treng hjelp:

Er eg ansvarleg for post frå det offentlege som eg ikkje klarer å opne?

Ja, du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i post som det offentlege har sendt til deg. Ta kontakt med brukarstøtta for postkassen din dersom du har problem med å opne post frå det offentlege.

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du blir varsla og kan opne posten din.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 
– Digipost: e-post, kundeservice@digipost.no  eller tlf. 22 03 00 00
– e-Boks: kontaktskjema  eller tlf. 22 89 85 04

Kvifor må eg bruke ID-porten for å opne post frå det offentlege?

Du treng ekstra sikkerheit for å opne post frå det offentlege. Derfor må du bruke ID-porten som identifiserer deg som rett mottakar av posten din.

ID-porten har to sikkerheitsnivå. Avsendaren bestemmer kva sikkerheitsnivå du må bruke for å opne post frå dei.

Kontakt ID-porten brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300 om du har spørsmål om dette (frå utlandet: +47 24 05 56 03) .

Få post frå det offentlege digitalt

Korleis veit eg at eg har fått post digitalt frå det offentlege?

Det offentlege varslar deg på den e-postadressa eller mobilnummeret du sjølv har registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret i samband med pålogging til offentlege tenester på nett gjennom ID-porten.

Du kan sjekke opplysningane dine i kontakt- og reservasjonsregisteret ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Har du spørsmål, kan du kontakte ID-porten brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300 (frå utlandet: +47 24 05 56 03).

Kan eg byte postkasse dersom eg angrar?

Ja, du kan når som helst byte mellom postkassane til e-Boks og Digipost. Dette gjer du ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Når du har logga inn på Dine kontaktopplysningar, kan du sjå kva postkasse du har valt. Klikk på blyantikonet for å endre digital postkasse. (Dersom du ikkje har valt digital postkasse tidlegare, kan du gjere det frå denne sida).

Det er enkelt for deg å flytte posten du har fått frå det offentlege frå den gamle til den nye postkassen din.

 

Kontakt brukarstøtte dersom du treng hjelp:                                                                                      

Kan eg velje å gå tilbake til post på papir frå det offentlege?

Ja, ønskjer du å gå tilbake til å få post frå det offentlege på papir igjen, må du reservere deg mot å få post digitalt. Du kan gå til sida Reservasjon og reservere deg, eller ringje ID-porten brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300 (frå utlandet: +47 24 05 56 03).

Dersom du også vel å avslutte den digitale postkassen din, kan du lagre dokumenta på di eiga datamaskin og skrive ut dei dokumenta du vil ha på papir.

Kva skjer dersom eg gløymer å sjekke den digitale postkassen?

Når du får digital post frå det offentlege, blir du varsla på SMS eller e-post. Post som er levert til den digitale postkassen din, blir liggjande i postkassen. 

Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i posten som er send til deg, på same måte som når du får post på papir.

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du blir varsla og kan opne posten din, på same måte som for post på papir.

Kva betyr det at digital post blir send og lagra sikkert?

For å sikre at uvedkommande ikkje kan lese posten din blir han send og lagra kryptert, som skjult tekst, fram til postkassen din. Ei kryptert sending kan samanliknast med at du set på ein hengelås. Det er berre den som har nøkkelen, som kan låse opp og lese innhaldet.

Når du får post digitalt frå offentlege avsendarar, må du logge inn via ID-porten for å lese posten din. 

På Difi.no kan du lese meir om korleis informasjonen din er sikra i digital postkasse.

Les meir om sikkerheit i ID-porten.

Kan eg ha to digitale postkassar?

Ja, men til post frå det offentlege må du velje ein av postkassane, slik at stat og kommune veit kvar dei skal sende posten din.

Du kan sjå kva postkasse di til kvar tid har ved å logge deg inn på 'Dine kontaktopplysningar'.

Kontakt ID-porten brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300 om du har spørsmål om dette (frå utlandet: +47 24 05 56 03).

Kven sender post digitalt 

Kva offentlege verksemder sender post digitalt? 

Over 200 statlege verksemder og kommunar sender no post digitalt til innbyggjarane. Du finn ei oversikt over kva offentlege verksemder som sender post digitalt på sida Om digital postkasse.

Kjem det reklame i den digitale postkassen?

Du får ikkje reklame i den digitale postkassen din. Men bedrifter som du har eit kundeforhold til, som til dømes banken eller forsikringsselskapet ditt, kan sende deg meldingar om ulike tilbod dersom du har akseptert dette. 

Får eg også post frå private verksemder til den digitale postkassen min?

Ja, du kan få post frå andre enn offentlege verksemder, slik som bankar, forsikringsselskap, kraftselskap m.m. Du finn informasjon om dette på nettsidene til dei to postkassane.

Kan eg sende brev til det offentlege frå den digitale postkassen min?

Nei, men det kan ligge ei lenke i dokumentet du har fått, som gir deg høve til å svare.

Lagre post i den digitale postkassen

Kan eg skrive ut dokument frå den digitale postkassen min?

Ja, digital post frå det offentlege kan du skrive ut på papir eller lagre på di eiga datamaskin.

Dokumenta du har fått digitalt, blir liggjande i den digitale postkassen din som eit arkiv så lenge du sjølv ønskjer det.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

  • Digipost: e-post, kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04                                                                                                  

Kan eg lagre post frå den digitale postkassen på mi eiga datamaskin?

Ja, du kan lagre posten på di eiga datamaskin, men den blir også liggjande i den digitale postkassen din.

Du kan også laste opp eigne dokument og bruke den digitale postkassen som eit sikkert arkiv.

Kontakt brukarstøtte for hjelp:                                                                                                                         

Kan den digitale postkassen bli full?

Nei, du kan alltid ta imot post frå det offentlege. Posten blir lagra så lenge du sjølv ønskjer det.

Den delen av postkassen der du sjølv kan laste opp eigne dokument, har ei avgrensing på 1GB. Men du kan kjøpe meir plass dersom du ønskjer det.

Kan post frå det offentlege bli sletta?

Nei, det er berre du sjølv som kan slette post frå det offentlege i den digitale postkassen din.

Dersom du har sletta post og angrar på det, kan du sjå om postkassen din har ei mappe med 'Sletta post'. Du kan opne denne mappa  for å hente posten fram att.

Kontakt brukarstøtta til postkassen din dersom du treng hjelp.  Du kan også spørje avsendaren om dei kan sende deg posten på nytt.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

Kor lenge blir post frå det offentlege lagra i den digitale postkassen min?

Posten blir lagra så lenge du har den digitale postkassen.

Dersom du ønskjer å byte postkasse, er det enkelt for deg å flytte posten du har fått frå det offentlege over til den nye postkassen din.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                         

Kva skjer med postkassen ved dødsfall?

e-Boks: Ved dødsfall har e-Boks rett til å slette brukaren sin e-Boks etter 15 månader. Pårørande med fullmakt til å forvalte buet må kontakte e-Boks for å få tilgang til postkassen til den avdøde.

Digipost: Ved dødsfall blir Digipost-kontoen til brukaren sletta innan tre månader etter at Digipost har fått skriftleg melding om dødsfallet ved at dødsattesten blir lagd fram. Pårørande må kontakte Digipost for å få tilgang til Digipost-kontoen til den avdøde. 

Sist oppdatert: 
18. september 2017

Sharethis