Spørsmål og svar

Her finn du vanlege spørsmål om korleis du skaffar deg ei digital postkasse, korleis du loggar inn og les posten din, og korleis posten vert lagra i den digitale postkassa di.

Skaff deg ein digital postkasse

Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du vel sjølv den postkassa du likar best.

  1. Gå til nettstaden www.norge.no

  2. Klikk på Vel digital postkasse

  3. Les informasjonen og vel e-Boks eller Digipost.

  4. For å opprette ei digital postkasse frå e-Boks eller Digipost må du identifisere deg elektronisk med BankIDBuypass ID eller Commfides.

  5. For å lese post frå det offentlege må du logge inn via ID-porten.

Du opprettar postkassen hjå Digipost eller e-Boks. Får du problem med å opprette den postkassa du ynskjer, kan du kontakte brukerstøtta til den postkassen du har valt.
 

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00

  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04 

Ein digital postkasse er ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanlig e-post til å sende slik informasjon. Skal du kunne få viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.

Du må ha en elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå det offentlege i den digitale postkassen. 

Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du får valet mellom to postkassar fordi det vil gi deg som innbyggjar den beste løysinga. Postkassane er jamstilte og begge tilfredsstiller strenge krav til tryggleik.

Begge postkassane kan ta imot post frå det offentlege digitalt. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar eller forsikringsselskap, skal du kunne velje den postkassa du likar best eller tykkjer har den beste løysinga. 

Du kan likevel berre ha éin postkasse for post frå det offentlege.

For å opprette postkasse, gå til sida Vel digital postkasse her på Noreg.no.

 

For å opprette ei digital postkasse må du ha:
•    norsk fødselsnummer eller D-nummer
•    elektronisk ID frå BankID, Buypass ID eller Commfides 

Les meir om elektronisk ID

Nei, alle må ha sin eigen digitale postkasse. Men du kan gi andre tilgang til postkassa di. Den du gir tilgang, må ha postkasse hjå same postkasseleverandør som du har

Kontakt brukerstøtte for å få hjelp:                                                                                                               

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04 

Nei, digital postkasse er gratis å opprette og bruke for innbyggjarane.

Lastar du sjølv opp mange dokument eller bilete, må du betale for å få lagringsplass utover 1GB.

 

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til tenester på nett frå det offentlege. For å opne og lese post frå det offentlege i den digitale postkassa di må du bruke ID-porten.                                    

I ID-porten kan du logge inn med MinID, BankID, Buypass ID eller Commfides for å identifisere deg.

Les meir om ID-porten

Det er Posten Norge AS som har utvikla og står bak Digipost. e-Boks A/S er eit sjølvstendig dansk selskap eigd av Nets og Post Danmark. e-Boks A/S eig det norske dotterselskapet e-Boks AS.

Når offentlege verksemder sender ut e-post med oppfordring om å opprette digital postkasse, brukar dei informasjonen som ligg i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.

Om du tidlegare har registrert e-postadressa di på ein annan person, er det du som får e-posten med oppfordringa.
 

Logg inn for å lese posten din

Når du har skaffa deg postkasse hjå Digipost, opnar du posten din ved å logge inn via heimesida deira.

For å lese post frå det offentlege må du velje å logge inn via ID-porten.
1.    Gå til www.digipost.no og klikk på "Logg inn".
2.    Klikk deretter på det raude feltet "Logg inn via ID-porten".
3.    Vel ein av innloggingsmetodane.

Du vil få varsel på e-post eller SMS når det offentlege har sendt deg post i den digitale postkassa di.

Om du har oppretta postkasse både hjå Digipost og e-Boks, må du velje kva postkasse du ynskjer at det offentlege skal sende post til.

Du kan når som helst sjå kva postkasse du har valt ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Når du har skaffa deg postkasse hjå e-Boks, opnar du posten din ved å logge inn via heimesida deira. 

For å lese post frå det offentlege må du velje å logge inn via ID-porten.

1.    Gå til www.e-boks.no og klikk på "Logg inn via ID-porten".
2.    Vel ein av innloggingsmetodane.

Du får varsel på e-post eller SMS når det offentlege har sendt deg post i den digitale postkassa di.

Om du har oppretta postkasse både hjå e-Boks og Digipost, må du velje kva postkasse du ynskjer at det offentlege skal sende post til. 

Du kan når som helst sjå kva postkasse du har valt ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Nei, ei digital postkasse er sikrare enn e-post fordi både avsendar og mottakar må stadfeste identiteten sin.

Post som det offentlege sender til deg i den digitale postkassa di, vert sendt kryptert. For å opne og lese posten i den digitale postkassa må du legitimere deg gjennom ID-porten.

Det er berre du, og dei du har gitt løyve til, som kan lese posten din frå det offentlege.

Ja, sjølv om den digitale postkassa er privat, kan du gi andre tilgang til å lese posten din.

Den du gir tilgang, må ha digital postkasse hjå den same postkasseleverandøren som du har.

Du kan trekke attende tilgangen når du måtte ynskje, slik at berre du har tilgang att. Sjå informasjon hjå e-Boks og Digipost om korleis du går fram for å gi andre tilgang til din digitale postkasse.

Kontakt brukarstøtte dersom du treng hjelp:

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00

  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04

Ja, du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i post som det offentlege har sendt til deg. 

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du vert varsla og kan opne posten din.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

  • Digipost: kundeservice@digipost.no  eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema  eller tlf. 22 89 85 04

Du må logge inn via ID-porten for å identifisere at du er den du er. 

ID-porten har to tryggleiksnivå. Avsendaren avgjer kva tryggleiksnivå du må bruke for å opne post frå dei.

Kontakt ID-porten brukarstøtte på nummer (+47) 800 30 300 om du har spørsmål om dette.
 

Få post frå det offentlege digitalt

Etter at du har oppretta digital postkasse, vil du motta post frå offentlege etatar og verksemder som bruker denne tenesta. Føresetnaden er at du ikkje har reservert deg mot digital kommunikasjon frå det offentlege.

Det offentlege varslar deg på den e-postadressa eller mobilnummeret du sjølv har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. 

Du kan sjekke dine opplysningar i Kontakt- og reservasjonsregisteret ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Har du spørsmål, kan du kontakte ID-porten brukarstøtte på nummer (+47) 800 30 300.
 

 

Ja, du kan når som helst byte mellom postkassane til e-Boks og Digipost. Dette gjer du ved å logge inn på Dine kontaktopplysningar.

Når du har logga inn på Dine kontaktopplysningar, kan du sjå kva postkasse du har valt. Klikk på blyantikonet for å endre digital postkasse. Om du ikkje har valt digital postkasse tidlegare, kan du gjere det frå denne sida.

Det er enkelt for deg å flytte posten du har motteke frå det offentlege frå den gamle til den nye postkassa di.
 

Kontakt brukarstøtte dersom du treng hjelp:                                                                                      

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00

  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. tlf. 22 89 85 04 

Ja, ynskjer du å gå attende til å få post frå det offentlege på papir, må du reservere deg mot å få post digitalt. Du kan gå til noreg.no og reservere deg, eller ringe ID-porten brukarstøtte på nummer 800 30 300.

Om du også vel å avslutte den digitale postkassa di, kan du lagre dokumenta på di eiga datamaskin.

 

 

 

Når du får digital post frå det offentlege, vert du varsla på SMS eller e-post. Post som er levert til den digitale postkassa di, vert liggande i postkassa. 

Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i posten som er send til deg, på same måte som når du får post på papir.

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du vert varsla og kan opne posten din, på same måte som for post på papir.

For å sikre at uvedkommande ikkje kan lese posten din vert den sendt kryptert til den digitale postkassa di. Ei kryptert sending kan samanliknast med at du set på ein hengelås. Det er berre den som har nøkkelen, som kan låse opp og lese innhaldet.

Når du får post digitalt frå offentlege avsendarar, må du logge inn via ID-porten for å lese posten din.

Les meir om sikkerheit i ID-porten.

Ja, men til post frå det offentlege må du velje ein av postkassane.

Du kan sjå kva postkasse du til ei kvar tid har ved å logge deg inn på Dine kontaktopplysningar

Kontakt ID-porten brukarstøtte på nummer (+47) 800 30 300 om du har spørsmål om dette.

Kven sender post digitalt?

Over 800 statlege verksemder og kommunar sender no post digitalt til innbyggjarane. 

 

Du får ikkje reklame i den digitale postkassa di. Men bedrifter som du har eit kundeforhold til, som til dømes banken eller forsikringsselskapet ditt, kan sende deg meldingar om ulike tilbod om du har akseptert dette.

Ja, du kan få post frå andre enn offentlege verksemder, slik som bankar, forsikringsselskap, kraftselskap m.m. Du finn informasjon om dette på nettsidene til dei to postkassane.

Nei, men det kan ligge ei lenke i dokumentet du har fått, som gir deg høve til å svare.

Lagre post i den digitale postkassen

Ja, digital post frå det offentlege kan du skrive ut på papir eller lagre på di eiga datamaskin.

Dokumenta du har fått digitalt, vert liggande i den digitale postkassa di som eit arkiv så lenge du sjølv ynskjer.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04               

Ja, du kan lagre posten på di eiga datamaskin, men den vert også liggande i den digitale postkassa di.

Du kan og laste opp eigne dokument og bruke den digitale postkassa som eit sikkert arkiv.
 

Kontakt brukarstøtte for hjelp:                                                                                                                         

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04

Nei, du kan alltid ta imot post frå det offentlege. Posten vert lagra så lenge du sjølv ynskjer det.

Den delen av postkassa der du sjølv kan laste opp eigne dokument, har ei avgrensing på 1GB. Men du kan sjølv kjøpe meir plass om du ynskjer det.
 

Nei, det er berre du sjølv som kan slette post frå det offentlege i den digitale postkassa di.

Om du har sletta post og angrar på det, kan du sjå om postkassa di har ei mappe med 'Sletta post'. Du kan opne denne mappa  for å hente posten fram att.

Kontakt brukarstøtta til postkassa di om du treng hjelp.  Du kan også spørje avsendaren om dei kan sende deg posten på nytt.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

  • Digipost:kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04

Posten vert lagra så lenge du har den digitale postkassa.

Om du ynskjer å byte postkasse, er det enkelt for deg å flytte posten du har fått frå det offentlege over til den nye postkassa di.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                         

  • Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
  • e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04

e-Boks: Ved dødsfall har e-Boks rett til å slette brukaren sin e-Boks etter 15 månader. Pårørande med fullmakt til å forvalte buet må kontakte e-Boks for å få tilgang til postkassen til den avdøde.

Digipost: Ved dødsfall vert Digipost-kontoen til brukaren sletta innan 12 månader ved framlegging av dødsattest. Pårørande må kontakte Digipost for å få tilgang til Digipost-kontoen til den avdøde. 

Image
To ungdommer ser på mobilen