Skilsmisse

Dersom du og/eller ektefellen din ikkje ønskjer å fortsette samlivet, kan ein av dykk eller begge søke Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) om separasjon. De treng ikkje å vere einige om å søke separasjon. Statsforvaltaren vil kontakte ektefellen din dersom du søker åleine.

Søke om separasjon

Ønskjer du å bli skilt, må du først søke om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. Du søker om separasjon digitalt eller på papir hos Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) i det fylket der de sist budde saman. Når de har vore separerte i eitt år, kan de søke om skilsmisse. I separasjonstida er de framleis formelt sett gifte. Ingen av dykk kan derfor gifte seg på nytt i denne perioden.

Skilsmisse etter to års samlivsbrot

Du kan søke om skilsmisse utan å bli separert først dersom du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst to år og er samde om at dette er eit samlivsbrot. Du kan søke digitalt eller med papirskjema.

Mekling

Dersom de har felles barn under 16 år, må de møte til mekling på eit familievernkontor eller hos ein annan godkjend meklar. Dette gjeld både gifte og sambuarar som skil lag. Meklaren skriv ut ein meklingsattest som skal leggjast ved søknaden om separasjon. Attesten er gyldig i 6 månader. 

Etternamn

Etter skilsmissa beheld de det etternamnet de hadde i ekteskapet. Dersom de ønskjer å endre namn, må de sende skjemaet Melding om endring av namn. Det er skattekontoret som behandlar namnesøknaden.

Du finn meir informasjon og skjema for separasjon og skilsmisse på nettsidene til Statsforvaltaren.

Du finn også informasjon i brosjyren brosjyren Separasjon og skilsmisse frå Barne- og likestillingsdepartementet. 

Dersom du treng å dokumentere at du er separert eller skilt, kan du bestille ein attest (utskrift av registrerte opplysningar) frå folkeregisteret. 

Tjenester

  • Søke bostøtte

    Husbanken
    Dersom du har lav inntekt og høye boutgifter, kan du søke om bostøtte. På Husbankens nettsider kan du søke bostøtte elektronisk eller på papir. Du kan også se hvem som kan få bostøtte, hva slags krav som gjelder for boligen og hvilke inntektsgrenser som gjelder. Bostøtte er en behovsprøvd statlig støtteordning.

Pages

Sharethis