Om norge.no

Noreg.no er ein vegvisar til digitale tenester (sjølvbeteningsløysingar) frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Noreg.no gjev deg også informasjon om korleis du kan kommunisere på nett med det offentlege og velje digital postkasse.

Vegvisar til offentlege tenester på nett

Noreg.no er ein inngangsport som viser veg til offentlege tenester på nett. Dei digitale tenestene er delt inn i aktuelle livssituasjonar. Vi har definert åtte slike livssituasjonar så langt. Dei digitale tenestene er tilgjengelege via søk og ein temameny.

Statlege verksemder og dei fleste kommunane sender post digitalt til innbyggjarane. Som innbyggjar har du moglegheit til å motta post digitalt frå det offentlege i ein digital postkasse. Om du ynskjer å opprette ein digital postkasse, kan du velje mellom Digipost eller e-Boks. For å opprette ein slik postkasse, må du ha ein elektronisk ID (elektronisk identifikasjon). Meir informasjon om dette finn du under menyen Digital borgar.
 

Kommunikasjon på nett som hovedregel

Digital kommunikasjon er hovudregelen når stat og kommune skal kommunisere med innbyggjarane. eForvaltningsforskrifta som kom 7. februar 2014, legg til rette for dette. Digital kommunikasjon skal gje innbyggjarane ein enklare kvardag, betre tenester og raskare svar frå det offentlege.

 

Felles kontaktregister

Det er oppretta eit felles kontaktregister over mobilnummer og e-postadresser. Det offentlege skal bruke registeret til å varsle innbyggjaren når det kjem viktige brev eller dokument.

På Noreg.no kan du oppdatere kontaktinformasjonen din i registeret, finne informasjon om korleis du kan kommunisere digitalt med det offentlege eller reservere deg mot digital kommunikasjon. Om du treng rettleiing på dette, kan du kontakte ID-porten brukarstøtte på telefon (+47) 800 30 300 eller e-post brukerstotte@digdir.no.

 

Digital postkasse

Du kan velje mellom to digitale postkassar, e-Boks eller Digipost. Når du opprettar ein digital postkasse, kan den brukast til å motta digital post frå stat og kommune. Postkassane er likestilte, og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. Du kan lagre posten så lenge du ynskjer, og det er gratis å opprette og bruke postkassen.

 

Ansvar for rettleiing

Det er den verksemda som eig den aktuelle tenesta, som har ansvar for å rettleie brukaren og gje utdjupande informasjon.

Om du har spørsmål om innlogging til offentlege tenester eller til digital postkasse, kan du kontakte ID-porten brukarstøtte på telefon (+47) 800 30 300 eller e-post brukerstotte@digdir.no.
 

Tryggleik

Dei fleste tenestene på Noreg.no nyttar ID-porten for innlogging. Les om tryggleik og personvern i ID-porten.

 

Språk

Noreg.no er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål, slik at brukarane vert møtt med begge målformene. Du kan velje målform i toppmenyen. Noreg.no har også engelskspråklege sider, men ikkje alle tenestene ein vert sendt vidare til har engelsk omsetjing.

 

Opne data

Innhald frå den gamle versjonen av Noreg.no ligg ute som opne data på Felles datakatalog, data.norge.no. Her kan ein blant anna finne oversyn over alle statlege verksemder og kommunar med hierarki, kontaktinformasjon og geografisk plassering. Merk at desse dataa ikkje lenger vert oppdatert av Digitaliseringsdirektoratet.

 

Samarbeidsportal for verksemder

Verksemdene som har tenester på noreg.no finn driftsstatus og annan informasjon om noreg.no på Samarbeidsportalen. Alle verksemder som brukar ID-porten har tilgang her.