Flytte
Det er ulike reglar for melding om flytting om du flytter innanlands, innan Norden eller til land utanfor Norden.
Flytting innan Noreg
Du må sende flyttemelding til folkeregisteret (skatteetaten) innan 8 dagar etter at du har flytta. Du kan og melde adresseendring til folkeregisteret og Posten samtidig på posten.no.
Er du student, kan du som hovudregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar.
Om du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast til ei anna adresse enn til den folkeregistrerte adressa di, kan du leggje til eller endre postadresse.
Flytting til eit nordisk land
Du treng berre melde flytting i det landet du flytter til (Sverige, Island, Finland, eller Danmark - inkludert Færøyene og Grønland). Du finn informasjon om å flytte til eit nordisk land på Norden.org.
Flytting til eit land utanfor Norden
Du må melde frå til skatteetaten i Noreg.
Flytting til Noreg
Skal du flytte til Noreg og planlegg å bu her i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til skatteetaten i Noreg seinast 8 dagar etter at du har kome til landet. Melding om flytting til Noreg krev personleg oppmøte hjå ditt næraste skattekontor for gjennomføring av ID-kontroll. Du kan bestille time og lese meir om korleis du melder flytting til Noreg her: https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/flytte/til-norge/
Om du skal vere i Noreg i mindre enn 6 månadar, til dømes for å jobbe, skal du ikkje melde flytting hit. Du må likevel møte opp på skattekontoret for å få eit mellombels identifikasjonsnummer (D-nummer).