Slett kontaktinformasjon
Slette eller reservere?
Det er skilnad på sletting av kontaktinformasjon og det å reservere seg mot kommunikasjon på nett. Reservasjon inneber at du får vedtak og andre viktige brev på papir, men du kan framleis motta meldingar og informasjon på SMS eller e-post. Dette kan til dømes vera påmining om avtalar eller varsel om stenging av vatn. Du kan og motta brev digitalt med nyttig informasjon frå det offentlege
Ved sletting kan du ikkje bruke MinID
Når du er sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du ikkje bruke MinID til å logge inn på offentlige tenester på nett. Du kan framleis logge inn på offentlege tenester med elektronisk ID (e-ID) fra BankID, Buypass eller Commfides. Ynskjer du å reservere deg mot bruk av BankID, Buypass, eller Commfides, må du kontakte dei direkte.
For å slette kontaktinformasjonen din må du sende dette skjemaet til:
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2
6863 Leikanger