Få barn
Rett til gratis svangerskapskontroll
Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hjå jordmor på helsestasjon. Den gravide kan velje om ho vil gå til fastlege eller jordmor. Tilbodet om svangerskapskontrollar er gratis og skal sørgje for at du får råd og rettleiing.
Foreldreansvar
Blir barnet fødd frå og med 1. januar 2020 får i utgangspunktet begge foreldre felles foreldreansvar. Dette gjeld både barn som har gifte foreldre, barn som har sambuande foreldre og barn som har foreldre som ikkje bur saman.
For barn fødd utanfor samliv før 2020 har mora foreldreansvaret åleine.
Les meir om farskap og morskap på Barne- og familie-departementet sine nettsider.
Det gjeld eigne reglar i saker om foreldreansvar, fast bustad og samvær på tvers av landegrenser.
Fødselsattest, fødselsnummer og namn
Skatteetaten tildeler barnet eit fødselsnummer og sender ein førespurnad til mor om å velje eit namn til barnet. Stadfestinga mottek du i din innboks i Altinn. I di fleste tilfelle treng du ikkje lenger ein stempla og signert fødselsattest.
Barn fødd i utlandet
Om de er norske foreldre som har fått barn i utlandet, må de møte opp på skattekontoret saman med barnet når de kjem tilbake til Noreg. Dettevert krevd for at barnet skal bli registrert busett i Noreg.
Eit barn blir norsk statsborgar om ein av foreldra er norsk statsborgar.
Frå 1. januar 2020 har Noreg opna for eit eller fleire stasborgarskap i tillegg til det norske. Les meir om dobbelt statsborgerskap.
Foreldrepeng
Foreldrepeng er ei yting frå folketrygda. Du kan bruke denne kalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få i foreldrepeng. Den samla stønadsperioden er på 49 veker med 100 prosent dekningsgrad og 59 veker med 80 prosent dekningsgrad.
Fedrekvote og mødrekvote
Både fedrekvoten og mødrekvoten er på 15 veker kvar ved 100 prosent foreldrepenger, eller 19 veker ved 80 prosent foreldrepeng. I tillegg til mødrekvoten får mor og 3 veker før termin.
Fellesperioden er på 16 veker ved 100 prosent foreldrepeng, eller 18 veker ved 80 prosent foreldrepeng.
Med foreldrepengeplanleggaren de planlegge kor mange veker de kan ta ut foreldrepeng, og korleis de kan utsetje periodar med foreldrepeng.
Søk om foreldrepeng, eingongsstønad eller svangerskapspengar digitalt.
Eingongsstønad
Om du ventar barn og ikkje hatt inntekt det siste året, kan du få ein eingongssum i staden for foreldrepeng. Finn ut om du kan ha rett til foreldrepeng eller eingongsstønad.
Barnehageplass
Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eit år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass.
Om barnet fyller eit år i løpet av august, september, oktober eller november det året det blir søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vart fødd.
Les meir om rett til barnehageplass på regjeringen.no.
Du finne informasjon og søknadsskjema på kommunen sine nettsider.
Barnetrygd og kontantstøtte
Du treng som hovudregel ikkje å søke om barnetrygd. Om barnet vert fødd i Noreg, vil mor automatisk få barnetrygd omtrent to månader etter fødselen. Du finn informasjon om barnetrygd og kontantstøtte på Nav sine nettsider.
Du kan lese om adopsjon på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine nettsider og om ufrivilleg barnlausheit (assistert befruktning) på Helsenorge.no.