Inngå ekteskap
Eigenerklæring
Kvar av dykk må fylle ut skjemaet «Prøvingsattest - erklæring frå brudefolket» for prøving av ekteskapsvilkåra.
Forlovere
Kvar av dykk må ha ein forlovar. Forlovarane må fylle ut skjemaet «Forlovarerklæring».
Tidligere gift?
Om ein av dykk eller begge har vore gift tidlegare, må vedkomande fylle ut skjemaet «Erklæring om skifte».
For personar som er skilt etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere anerkjend av statsforvaltaren. Last ned søknadsskjema her.
Prøvingsattest
Send inn skjemaa digitalt eller på papir til skatteetaten. Skatteetaten behandlar saka og skriv ut ein såkalla prøvingsattest. Attesten syner at de oppfyller krava for å inngå ekteskap.
Prøvingsattesten skal de sende til den som skal vigsle dykk (vigsler). Om de har oppgitt vigsler sin adresse i eigenerklæringa, sender skatteetaten attesten direkte dit.
Vigsel
De kan velje mellom ulike seremoniar, til dømes kyrkjeleg vigsel og borgarleg vigsel. Frå 1. januar 2018 vart ansvaret for utføring av borgarleg vigsel overført frå tingrettane og Oslo byfogdembete til kommunane.
Statsforvaltarane har oversikt over trus- og livssynssamfunn med vigselsrett.
Vigselsattest
Etter at de er vigsla, sender vigslaren dokumenta til skatteetaten. Skatteetaten sender ei stadfesting til din innboks i Altinn. Om de ikkje er digitale brukarar, vil stadfestinga verte sendt til dykk i posten. Det vil framleis vere mogleg å etterbestille vigselsattest på Altinn.
Ektepakt
Om de ikkje ynskjer felleseige, kan de opprette ei ektepakt. Det er lovbestemde krav til korleis ei ektepakt skal etablerast og utformast.
Gifte seg i utlandet
Du finn informasjon om å gifte seg i utlandet og å gifte seg med utanlandsk statsborgar på Skatteetaten.no.
Endre namn?
Om du ynskjer å endre namn, må du fylle ut «Melding om endring av namn».
Hugs også å skaffe nytt pass om ein eller begge har endra namn.