Elektronisk ID

For å få utført tenester frå stat og kommune på nett må du ha ein elektronisk identifikasjon, e-ID, for å kunne logge deg inn. Ein elektronisk identifikasjon er ein elektronisk måte å legitimere seg på over internett.

Skaff deg ein elektronisk ID

Du kan velje mellom fem alternativ for elektronisk ID når du skal logge inn til tenester frå det offentlege: MinID, BankID, Buypass, Commfides og BankID på mobil.

MinID er ein personleg, elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3).

Digitaliseringsdirektoratet er ansvarleg for MinID. MinID kan bestillast frå det året du fyller 13. 

For å registrere deg som MinID-brukar treng du

  • Fødselsnummer eller D-nummer
  • Mobiltelefonnummer og e-postadresse
  • Aktiveringsbrev

Skal du opprette ei digital postkasse, må du ha ein e-ID på høgare tryggleiksnivå enn MinID.

Meir om registrering og innlogging med MinID.

BankID er ein personleg, elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4).

For å bestille BankID må du kontakte banken din.

Meir om aktivering og innlogging med BankID. 

Buypass ID er ein personleg, elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4).

For å bestille Buypass ID må du kontakte Buypass.

Meir om bestilling og innlogging med Buypass ID.

Commfides er ein personleg, elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå (nivå 4).

For å bestille Commfides e-ID må du kontakte Commfides.

Meir om bestilling og innlogging med Commfides.

Logge inn på tenester

For å logge inn på ei offentleg teneste (sjølvbeteningsløysing) må du finne den aktuelle tenesta på internett. Du finn tenestene på nettsidene til dei som har ansvar for den aktuelle tenesta eller du kan bruke Noreg.no. Her kan du finne tenester gjennom søk, livssituasjonar eller temamenyen Finn tenester.

Tryggleik og personvern

Med elektronisk ID stadfestar du på ein trygg og sikker måte kven du er når du brukar offentlege tenester på internett.

For å førebyggje ID-tjuveri er det viktig å vere bevisst på kven du gir personopplysningar til, og i kva samanheng du gir opplysningane.

Her kan du lese meir om tryggleik og personvern

Image
Kvinne med bankkort
4,6 millionar innbyggjarar brukar elektronisk ID for å logge inn til tenester via ID-porten. ID-porten gir tilgang til meir enn 4000 digitale tenester frå meir enn 1000 offentlege verksemder.
Remote video URL
MinID - korleis registrere ny brukar?