Digital postkasse - gratis og enkelt

Med ei digital postkasse frå e-Boks eller Digipost kan du motta viktig post frå det offentlege digitalt. Di personlege postkasse er gratis og du kan trygt lagre posten så lenge du ønskjer.

Med ei digital postkasse bidrar du til at det offentlege kan bruke fellesskapet sine pengar på andre ting enn porto, papir og transport, samtidig som du er med på å spare miljøet. Smart for deg – smart for alle!

Din eigen kommune og over 800 andre offentlege verksemder sender brev digitalt. Har du oppretta di eiga digitale postkasse, kan du ta imot og oppbevare bev og viktige dokument og alltid ha dei lett tilgjengeleg på mobil eller pc. 

  • Du kan motta brev frå for eksempel Statens vegvesen, Forsvaret, NAV, kommunen din, Politiet og mange andre etatar på ein stad – postkassen din. 

  • Digital post er raskare, billigare og meir miljøvennleg enn brev på papir. 

  • Digital postkasse er sikkert. Du kan motta brev med sensitiv informasjon som ikkje kan sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er trygt nok. 

  • Du får ikkje reklame i den digitale postkassa. 

Det offentlege har behov for å nå deg som innbyggar i ulike situasjonar, avhengig av alderen din, kva livsfase du er i, og om du flyttar til ein annen kommune. Eksempel på dokument: 

  • Brev frå kommunen 

  • Trafikalt grunnkurs frå Statens vegvesen 

  • Innkalling til førstegangsteneste  

  • Varsel om EU-kontroll av kjøretøy 

  • Brev frå sjukehus og andre delar av helsetenesta

  • Invitasjon til helseundersøkingar 

  • Vedtak frå NAV 

  • Politiattest 

  • Digitalt valkort ved Stortings- og lokalvalg 

  1. Finn fram din elektroniske ID (eID), for eksempel BankID. 

  1. Velg enten Digipost eller e-Boks 

  1. Følg rettleiinga frå Digipost eller e-Boks for å opprette di postkasse. 

Når du er ferdig, får du ein SMS frå Digitaliseringsdirektoratet som bekrefter ditt val av postkasse. 

 

Treng du hjelp? 

Brukarstøtte for digital postkasse og ID-porten: 
Opningstid: måndag – fredag kl. 09:00–15:00 
Telefonnummer: 800 30 300 

E-post: brukerstotte@digdir.no 
Nettprat: Chat Snakk direkte med brukerstøtta (berre tilgjengeleg i åpningstida) 

Brukarstøtte Digipost:  

Digipost: (https://www.digipost.no/hjelp/)  
e-post: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00 

Brukarstøtte e-Boks:  

e-Boks: (http://www.e-boks.no/help.aspx)   
e-post: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04  

Du treng ikkje sjekke om det er kome brev frå det offentlege i den digitale postkasse di. Kvar gong kommunen eller staten sender post til deg, får du varsel på SMS eller e-post. For å opne og lese posten din bruker du same innlogging som du er vant til å bruke når du sjekkar skattemeldinga eller bruker andre offentlege tenester på nett. 

  • Når du får ny post, blir du varsla på SMS eller e-post. 

  • For å opne og lese brevet går du til heimesida til di valgte postkasse, digipost.no eller eboks.no. 

  • Logg inn i postkassen via ID-porten. 

Du kan også laste ned ein app frå både Digipost og e-Boks for enkelt å lese brev på mobil eller nettbrett

  • Du kan berre ha ei postkasse for post fra det offentlege, og du må enten velge Digipost eller e-Boks. 

  • På same måte som du kan velge mellom ulike bankar og straumleverandørar, kan du velge den postkassa som passar best for deg. 

  • Postkassene frå Digipost og e-Boks er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. 

  • Den største skilnaden mellom dei to postkassene er kva for private verksemder du kan motta digital post frå. Postkassene har også ulikt design og noko ulik funksjonalitet. Dette kan du lese meir om på nettsidene til dei to postkassene.  

  • Du kan enkelt bytte postkasse seinare dersom du ønskjer det. 

  • Sjå hvilke private avsendarar som sender til e-Boks og Digipost

  • For å opprette postkasse, gå til sida Velg digital postkasse her på Norge.no. 

  • Brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er sikkert nok.  

  • Enten du velger digital postkasse frå e-Boks eller Digipost blir alle offentlege brev sendt kryptert.  

  • Det betyr også at dei blir lagra på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgang til din eigen post. 

  • Med e-Boks eller Digipost kan du også motta digital post frå private verksemder same stad som du mottar post frå det offentlege. 

  • I personvernerklæringa for digital postkasse og Kontakt- og reservasjonsregisteret kan du lese om korleis Digitaliseringsdirektoratet samlar inn og bruker informasjonen i registeret. 

Reservasjon mot digital kommunikasjon 

Dersom du ønsker å motta viktige brev frå det offentlege på papir, må du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Men dersom du aldri har brukt ei offentleg teneste på nett som krev innlogging via ID-porten, vil du fortsatt motta posten din frå det offentlege på papir. Da treng du ikkje reservere deg. 

Remote video URL
Velg postkasse og få digital post frå det offentlege!