Dødsfall og arv
Der dødsmeldinga vert levert på papir, skal dødsfallet meldast til tingretten. Vanlegvis gravferdsbyrået det på vegne av familien.
Der dødsmeldinga meldast elektronisk, vil meldinga gå direkte til folkeregisteret og dødsårsaksregisteret. Tingretten skal ikkje lenger motta papirkopi av den elektroniske legeerklæringa, men kan få bekrefta dødsfallet ved å slå opp i folkeregisteret.
Gravferd
Alle har rett til fri grav. Spørsmål om gravferd, kremasjon og grav kan rettast til kyrkjeleg fellesråd i kommunen. Du finn meir informasjon om gravferd og seremoniar på Regjeringen.no.
Hadde avdøde oppretta testament?
Eit testament kan ha fastsetjingar om gjennomføring av gravferd i tillegg til fordeling av arv.
Om testamentet er oppbevart ved ein av landets domstolar, vert tingretten klar over testamentet når dødsfallet vert registrert.
Oversikt over avlidne formue og gjeld
Kva verdiar og gjeld dødsbuet består av, kan ha betydning når arvingane skal avgjere om og korleis dødsbuet skal gjerast opp.
Alle arvingar kan kontakte retten og få ein såkalla formuesfullmakt. Den kan til dømes verte brukt til å få siste års skattemelding og saldoopplysningar frå bankar.
Arv og skifte
Med skifte meiner ein oppgjer og fordeling av eit bu. Arveoppgjeret er ein ofte brukt nemning på skifte av eit dødsbu. Eigedelar og formue som den avlidne har etterlatt seg, kan verte fordelt (skifte) på fleire måtar.
Privat skifte
Det vanlegaste er privat skifte, det vil sei at arvingane vert einige seg imellom om korleis eigedelane og formuen skal verte fordelt. Ved eit privat skifte tek ein eller fleire av arvingane på seg gjeldsansvaret etter den avlidne. Det betyr at arvingen(ane) står ansvarleg for all gjeld den avlidne etterlet seg.
Offentleg skifte
Om arvingane ikkje ynskjer å ta ansvaret med å fordele den avlidne sin formue og eigedelar, kan dei be tingretten gjennomføre eit offentleg skifte. Tingretten vil då som regel oppnemne ein bubestyrar til å forvalte buet på retten sine vegne.
Uskifta bo
Om den som døyr hadde felles barn med attlevande ektefelle eller sambuar, har den attlevande rett til å sleppe å skifte felleseiget med barna dei hadde saman. Dette vert kalla uskifte eller uskifta bu. Barna ein har felles ventar då med å få sin arv til den attlevande mor eller far er død.
Arveavgifta er fjerna
Arveavgifta er fjerna frå og med 2014. Det betyr at du ikkje skal sende inn arvemelding eller gåvemelding for arv eller gåve du har fått i 2014 eller seinare.
Rettleiing
Det er tingretten som tek seg av skifte av dødsbu. Kontakt desse for å få rettleiing.
Du finn skjema og meir informasjon om dødsfall og arv på Domstol.no.
Du finn skjema og informasjon om ytelser ved dødsfall på Nav.no.