Studere

For å studere ved eit universitet eller ein høgskule må du ha generell studiekompetanse. I tillegg har nokre studium spesielle opptakskrav. Det finst og andre vegar til opptak.

Søkje studieplass

For å søkje studieplass må du først registrere ein nettsøknad hjå Samordna opptak innan fristen. Du må sjekke om vitnemålet ditt ligg elektronisk i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og eventuelt laste opp dokumentasjon, som til dømes kompetansebevis og dokumentasjon på høgare utdanning.

Elektronisk vitnemål

Har du fullført norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, har du truleg elektronisk vitnemål. Du må sjølv sjekke om det elektroniske vitnemålet ditt ligg i Nasjonal vitnemålsdatabase.

Lån og stipend

Du kan få støtte til utdanninga di hjå Lånekassen. Utdanninga må vere offentleg godkjend i Noreg for at du kan få slik støtte.

Realkompetanse

Om du ikkje har studiekompetanse, kan du kome inn på høgare utdanning på bakgrunn av realkompetansen din, det vil seie kunnskap du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid og anna. 

Opptak etter hovudopptaket

Når hovudopptaket er ferdig, er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane, men du kan berre søkje på studium der det framleis er ledige plassar. Du finn informasjon og søknadsfristar for dette opptaket på nettsidene til Samordna opptak. 

Melde flytting innanlands

Skatteetaten

Flyttar du innan Noreg, må du melde frå til folkeregisteret innan 8 dager etter at du flytta. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Er du student, kan du som hovedregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar. Skatteetaten og Lånekassen kan gi meir informasjon.

Studiebarometeret (Studentundersøkelsen)

NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen

Studiebarometeret viser studentane sine oppfatningar om kvalitet i studieprogram ved norske høgskular og universitet. På Studiebarometeret.no kan du einkelt finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram, samanlikna resultat mellom ulike studieprogram og sjå utvikling over tid for eit studieprogram. Data i Studiebarometeret.no byggjer på ein nasjonal spørjeundersøking, som vert sendt ut til ca. 60 000 studentar kvar haust.

Elektronisk vitnemål frå vidaregåande skule

Samordna opptak

Elektronisk vitnemål er ein elektronisk kopi av vitnemålet ditt sendt direkte frå norsk vidaregåande skule til Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB). Har du fullført norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, har du truleg elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase.

Vitnemålsportalen

Kunnskapsdepartementet

Ved hjelp av Vitnemålsportalen kan du sjølv hente ut dine resultat frå høgare utdanning og dele dei med studiestadar, potensielle arbeidsgivarar og andre relevante partar. Tenesta er gratis å nytte.

Nebetalingskalkulator for studielån

Lånekassen

Kalkulatoren viser kor mykje du skal betale kvar månad og kor lenge du skal betale på lånet ditt. Du får ein rettleiande nedbetalingsplan med terminbeløp, renter og avdrag.

Study in Norway

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Nettstaden gjev utanlandske studentar informasjon om studium i Noreg - om studiefinansiering, kva dei kan studere og kvar i Noreg dei kan studere. 

Interessetestar for jobb og studiar

Utdanningsdirektoratet

Kva er du interessert i? Finn ut meir om dine evner og interesser ved hjelp av interessetestar, blant annet på utdanning.no. Her finn du blant anna Studievelgeren og Jobbkompasset, og du kan teste deg sjølv og lære meir om realfaglege og teknologiske yrker på velgriktig.no. Interessetesten på vilbli.no er for deg som skal søkje videraregåande opplæring og som ynskjer å sjå kva utdanningsprogram som kan passe for deg.

Nordisk termbase

Språkrådet

Her finn du informasjon om ord og termer som vert brukt innanfor viktige samfunnsområder i dei nordiske landa. Det kan vere til hjelp om du skal arbeide eller studere i eit anna nordisk land.

Søknad om godkjenning av utdanning med rett til dagpengar

NAV

Som hovudregel har du ikkje rett til dagpengar om du er skuleelev eller student, men det er nokre unntak. Om du ynskjer å behalde dagpengar medan du er skuleelev, må du søkje om dette. Les meir om dagpengar og utdanning på Nav.no. 

Søk opptak til utdanning i Norge - Samordna opptak

Samordna opptak

På nettsida til Samordna opptak kan du søkje opptak til 27 høgskular og universitet og 27 fagskular i Noreg, med ein søknad. Du kan og finne svar på om du har generell studiekompetanse og kor mange poeng du har. Søknadsfristen er 15. april. 

Your Europe - Ditt Europa

Europakommisjonen

Your Europe er ein EU-portal som skal hjelpe deg som vil flytte, bu, studere, arbeide, handle eller berre reise til andre europeiske land. Her finn du informasjon om grunnleggande rettigheter i samsvar med EU-retten og korleis disse rettigheitane er gjennomført i dei enkelte land. Du kan og ta gratis kontakt med EUs hjelpeteneste og få personleg og detaljert hjelp og rådgiving. 

Støttekalkulator - Lånekassen

Lånekassen

På nettsida til Lånekassen kan du rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån. Resultatet kan bli annleis om det er spesielle forhold inne i bildet.

Melding om ny eller endra postadresse

Skatteetaten

Du kan leggje til eller endre postadresse viss du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast dit istadenfor til den folkeregistrerte adressa din. For å leggje til eller endre postadressa, sender du oss ei melding via vårt kontaktskjema. Har du ikkje mogelegheit å logge deg inn, kan du levere skjema på papir.

Jobbe medan du studerer i eit EU-land

Europakommisjonen

Om du vil flytte til eit anna EU-land for å studere, må du kunne forsørgje deg sjølv. Du har same rett til å jobbe under studiet som innbyggjarane i det nye landet. 

Utdanning i utlandet

Lånekassen

Her finn du krav og vilkår for å få støtte, kor mykje du kan få i støtte og oversikt over utdanningar i utlandet som du kan få støtte til frå Lånekassen.

Søke opptak til universitet i eit EU-land?

Europakommisjonen

Tenkjer du på å søke opptak til eit universitet i eit EU-land? Hugs at du har rett til å studere under dei same vilkåra som innbyggjarane i vertslandet ditt. Les meir på portalen Ditt Europa.  

Kontraktar for husleige, kjøp av bruktbil med meir

Forbrukerrådet

Det er ofte lurt å bruke kontrakt når du kjøper eller leiger. Det blir enklare å fastslå kva de er blitt enige om og det gjer at du står sterkare ved ein eventuell konflikt. Her finn du kontrakt for husleige, kjøp av fast eigedom, handverkartenester, bruktbil, brukt bubil, campingvogn, motorsykkel, fritidsbåt, samt kjøp av husdyr og ting.  

Søk godkjenning av utdanning frå utlandet

NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen

Her kan du søkje godkjenning av utanlandsk høgare utdanning, utenlandsk fagskuleutdanning, utenlandsk fagopplæring og yrkesopplæring, og som lærar i skule eller styrer og pedagogisk leiar i barnehage.

Karakterkalkulator

Utdanningsdirektoratet

Bruk Karakterkalkulatoren til å rekne ut poenga dine. Med studieveljar kan du sjå kva studiar du kan kome inn på med dine poeng. Den viser deg og kva fag du må ha på vidaregåande, for å kome inn på ulike studiar.

Jobbkompasset - Finn yrke som passar for deg

Utdanningsdirektoratet

Oversikt over 500 yrker du kan utdanne deg til. Du kan bla etter interesse og type jobb. Jobbkompasset er til hjelp for elevar, lærarar og skulerådgivarar og andre som treng ei oversikt over kva yrkes- og utdanningsmogelegheiter som finst. 

Søk ledige studieplassar frå 20. juli

Samordna opptak

Etter hovudopptaket er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. 19. juli blir dei ledige studieplassane offentleggjorde. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli. Det er berre mogleg å søkje på studium der det framleis er ledige plassar.

Kalkulator for forbruksutgifter - SIFOs referansebudsjett

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO)

SIFOs referansebudsjett viser alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Her kan få eit overslag over kva det kostar å leve på eit rimeleg forbruksnivå for din hushaldning, og du kan rekne ut ditt eige budsjett.

Søk lån og stipend i Lånekassen

Lånekassen

På Dine sider hjå Lånekassen kan du søkje om stipend og lån for vidaregåande utdanning og høgare utdanning. Søknads- og meldingsfristen for utdanningsstøtte er 15. mars for vårsemesteret og 15. november for haustsemesteret.  Dine sider gjev deg og informasjon om kundeforholdet ditt, lenkje til foreldresignering og søknadar og brev frå Lånekassen.

Studieveljar

Kunnskapsdepartementet

Studieveljaren gjev deg oversikt over kva studiar du kan søkje på gjennom Samordna opptak og kva som vert krevd for å kome inn på dei forskjellige studiane. Einkelte studium har lokalt opptak og vil difor ikkje finnast i denne lista. Studieveljaren er tilknytta Karakterkalkulatoren kvar du kan berekne skulepoeng og konkurransepoeng og sjå kva studiar du kan kome inn på.

utdanning.no - finn utdanning, yrker og læreplassar

Utdanningsdirektoratet

På denne sida kan du hake av for interessene dine og sjå kva utdanningar og yrker som kan passe for deg. Du får oversikt over utdanningar både på vidaregåande skule, fagskule og universitet og høgskular, og du finn godkjente lærebedrifter i kvart fylke. Sida viser og kvar arbeidsmarkedet er ved at du får informasjon om faktisk sysselsetting på yrke ned på fylkes- og kommunenivå. Sida vert oppdatert gjennom bruk av AA-registeret og Brønnøysundregisteret.

Karriereveiledning

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vil du snakke med nokon om utdanning eller jobb? På Karriereveiledning kan du chatte med, eller ringe til ein karriereveileder. Du kan snakke om alt mogleg knytt til utdanning og jobb, også dersom du ikkje veit kva slags utdanning du skal velje eller kva du vil jobbe med. Du får også tilgang til fleire sjølvhjelpsverktøy om jobb og utdanning.