Innhald
Skilsmisse
Søke om separasjon
Ønskjer du å bli skilt, må du først søke om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. Du søker om separasjon digitalt eller på papir hos Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) i det fylket der de sist budde saman. Når de har vore separerte i eitt år, kan de søke om skilsmisse. I separasjonstida er de framleis formelt sett gifte. Ingen av dykk kan derfor gifte seg på nytt i denne perioden.
Skilsmisse etter to års samlivsbrot
Du kan søke om skilsmisse utan å bli separert først dersom du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst to år og er samde om at dette er eit samlivsbrot. Du kan søke digitalt eller på papirskjema.
Mekling
Dersom de har felles barn under 16 år, må de møte til mekling på eit familievernkontor eller hos ein annan godkjend meklar. Dette gjeld både gifte og sambuarar som skil lag. Meklaren skriv ut ein meklingsattest som skal leggjast ved søknaden om separasjon. Attesten er gyldig i 6 månader.
Etternamn
Etter skilsmissa beheld de det etternamnet de hadde i ekteskapet. Dersom de ønskjer å endre namn, må de sende skjemaet Melding om endring av namn. Det er skattekontoret som behandlar namnesøknaden.
Du finn meir informasjon og skjema for separasjon og skilsmisse på nettsidene til Statsforvaltaren.
Du finn også informasjon i brosjyren brosjyren Separasjon og skilsmisse frå Barne- og likestillingsdepartementet.
Dersom du treng å dokumentere at du er separert eller skilt, kan du bestille ein attest (utskrift av registrerte opplysningar) frå folkeregisteret.
Tenester
Fornye pass eller ID-kort
PolitidirektoratetHer finner du informasjon om å fornye pass eller ID-kort, bestille, endre eller avbestille time, pris, leveringstid, hente pass eller ID-kort, åpningstider og huskeliste for det du må ha med deg til pass– og ID-kontoret. Du må møte opp hos politiet for å få nytt pass eller ID-kort.