Innhald
Miste og finne jobb
Søke jobb
Har du mista jobben din, kan du finne ledige stillingar og råd om å søke jobb på Nav.no. Der kan du registrere CV-en din og andre opplysningar som er aktuelle for arbeidsgjevarar som søker etter arbeidskraft.
Når du er registrert som arbeidssøkar hos Nav, har du rett til å få vurdert behovet ditt for bistand for at du skal komme deg raskast mogleg i jobb.
Du finn meir informasjon om kva du skal gjere dersom du blir arbeidsledig, på Nav.no.
Starte for deg sjølv?
Du kan få hjelp og støtte til å etablere eiga bedrift hos Innovasjon Norge.
Dagpengar
Dagpengar er ei delvis erstatning for tapt arbeidsinntekt. Du må ha fått redusert arbeidstida di og hatt ei viss minsteinntekt for å ha rett på dagpengar. Du må vere reell arbeidssøkar, dvs. at du aktivt søker arbeid, og du må bu eller opphalde deg i Noreg.
EØS-borgarar som har ei viss tilknyting til arbeidslivet i Noreg etter å ha arbeidd her, kan søkje om norske dagpengar.
Meldekort
Som arbeidssøkar må du sende meldekort til Nav kvar 14. dag. Meldekortet er ei eigenerklæring om arbeid og aktivitet dei siste 14 dagane. Meldekortet kan sendast elektronisk via Nav.no.
Permittering og oppseiiing
Du finn informasjon om permittering og oppseiing på nettsidene til Arbeidstilsynet.
Sosialhjelp
Viss du ikkje har krav på dagpengar, kan du søke om økonomisk sosialhjelp hos det lokale Nav-kontoret ditt. Dette er i utgangspunktet ei mellombels inntektssikring, og stønaden tek sikte på å gjere deg sjølvhjelpen. Du kan også ha rett på bustøtte.
Tenester
Send meldekort elektronisk - NAV
NAVFor å være registrert som arbeidssøker eller for å få dagpenger, arbeidsavklaringspenger og stønader ved tiltak må du sende inn meldekort til NAV hver 14. dag.Nordisk termbase
SpråkrådetHer finner du informasjon om ord og termer som blir brukt innenfor viktige samfunnsområder i de nordiske landene. Det kan være til hjelp om du skal arbeide eller studere i et annet nordisk land.