Oppdater kontaktinformasjon

Når du har registrert deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Oppdater kontaktinformasjonen din

Sjekk at du er oppført med korrekt mobilnummer og e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Stat og kommune brukar kontaktinformasjonen som du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret når dei skal varsle deg elektronisk om vedtak og anna viktig informasjon. Det er viktig at du har lagt inn riktig mobilnummer og/eller e-postadresse. 

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon?

Stat og kommune kan sende deg viktige varsel og meldingar sjølv om du har reservert deg mot digital kommunikasjon. Du vil kunne få slike varsel på det mobilnummeret eller på den e-postadressa du har lagt inn i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Det er difor viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert. 

Er kontaktinformasjonen din registrert på fleire personar?

Har du registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di på fleire personar, er det viktig at du varslar dei det gjeld om innhaldet i meldinga. 

Dette kan for eksempel vere familiemedlemmer, eller nokon du er verje for.

Du får melding om viktige brev frå stat og kommune

Når stat eller kommune sender eit vedtak eller eit brev med viktig innhald til deg, vert du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa som du har lagt inn i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Dette er ei plikt det offentlege har, slik at du alltid får vite at du har fått eit viktig brev digitalt. 

Det er berre stat og kommune som kan hente informasjon frå Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Du kan få påminning om avtalar og varsel

Når du har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di i Kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få påminningar og informasjon frå stat og kommune digitalt. Det kan for eksempel vere påminning på SMS eller e-post om avtalar eller varsel om stenging av vatn.

Oppdater på éin stad

Når du er oppført i Kontakt- og reservasjonsregisteret, treng du ikkje gi kontaktinformasjonen din til alle dei offentlege verksemdene du er i kontakt med. Stat og kommune hentar kontaktinformasjonen din frå Kontakt- og reservasjonsregisteret og kan då sende deg meldingar og dokument digitalt.

Det er du sjølv som oppdaterar kontaktinformasjonen, og du treng berre gjere det éin stad. Du kan velje å registrere enten e-post eller mobilnummer, eller begge delar.

Kva inneheld Kontakt- og reservasjonsregisteret?

Kontakt- og reservasjonsregisteret kan innehalde:

  • mobilnummeret og e-postadressa di
  • opplysingar om kva digital postkasse du har valt
  • språkval for digital kommunikasjon
  • informasjon om eventuell reservasjon mot digital kommunikasjon

Det er du sjølv som registrerer og oppdaterar kontaktinformasjonen, og du oppdaterar den berre på éin stad. 

I personvernerklæringa for Kontakt- og reservasjonsregisteret kan du lese om korleis Digitaliseringsdirektoratet samlar inn og brukar informasjonen i registeret.  

Du kan velje målform eller språk

Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld opplysing om kva målform eller språk du ynskjer å få dokument og meldingar frå stat og kommune på.

Digitaliseringsdirektoratet har henta inn språkval frå Skatteetaten og flytta språkvalet til Kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du tidlegare har kryssa av for målform eller språk i skattemeldinga, er det den informasjonen som no er registrert.

Det er opp til den offentlege verksemda som sender deg meldingar eller dokument, å bruke informasjonen om språkval.

Om du ikkje har valt språk, kan stat og kommune sjølv velje kva målform eller språk dei vil bruke i kommunikasjonen med deg.

Slik registrerar du deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret

Om du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Om du aldri har logga deg inn på ei offentleg teneste på nett, er du ikkje registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret. For å registrere deg brukar du ein elektronisk ID og registrerar deg som ny brukar i ID-porten.

Lovheimel for registreringa

Heimel for registrering av opplysingane i Kontakt- og reservasjonsregisteret finn du i eForvaltningsforskrifta § 29 og 31.

Det er Digitaliseringsdirektoratet som er behandlingsansvarleg for kontaktopplysingane i Kontakt- og reservasjonsregisteret.  

 

Skaff deg ein digital postkasse

Reserver deg mot digital kommunikasjon

Slette kontaktinformasjon

Image
Kvinne som ser på bærbar datamaskin
Er det lenge sidan du har oppdatert mobilnummeret ditt og e-postadressa di i kontakt- og reservasjonsregisteret? Det er like viktig å ha rett kontaktinformasjon i kontaktregisteret som det er å ha rett bustadadresse i Folkeregisteret.