Søk ledige studieplassar frå 20. juli

Etter hovudopptaket er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. 19. juli blir dei ledige studieplassane offentleggjorde. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli. Det er berre mogleg å søkje på studium der det framleis er ledige plassar.