Bestille aktiveringsbrev til innlogging med MinID

Om du ikkje har akiveringsbrevet for innlogging med MinID, kan du bestille nytt. Aktiveringsbrevet kan bestillast frå det året ein fyller 13. Klikk på lenka over og skriv inn fødselsnummeret ditt i det feltet du får opp. Du vil få ei kvittering på at du har bestilt aktiveringsbrev. Aktiveringsbrev vert berre sendt til adressa du har registrert i det norske folkeregisteret. Har du både postadresse og bustadsadresse, vert det sendt til postadresse. Normal leveringstid er 10 virkedagar.