Melde flytting frå Noreg
Om du skal flytte frå Noreg til eit land utanfor Norden, må du melde frå til skattekontoret her heime. Skal du flytte til eit nordisk land, skal flyttinga berre meldast i det landet du flyttar til.
Om du skal flytte frå Noreg til eit land utanfor Norden, må du melde frå til skattekontoret her heime. Skal du flytte til eit nordisk land, skal flyttinga berre meldast i det landet du flyttar til.
Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til Noreg seinast 8 dagar etter ankomst.
Dersom du ønskjer å bli sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje kunne få informasjon eller meldingar på SMS eller e-post, som til dømes påminning om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å få brev frå det offentlege tilsendt digitalt og i staden få brev på papir, kan du reservere deg.
Om du under opphaldet i utlandet flyttar til ei ny adresse, kan du sende melding til skatteetaten om dette.
Du kan leggje til eller endre postadresse viss du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast dit istadenfor til den folkeregistrerte adressa din. For å leggje til eller endre postadressa, sender du oss ei melding via vårt kontaktskjema. Har du ikkje mogelegheit å logge deg inn, kan du levere skjema på papir.
Her viser vi deg prosessen for korleis barnet ditt skal registrast i folkeregisteret, og korleis du gir det eit namn.
Om du ikkje har akiveringsbrevet for innlogging med MinID, kan du bestille nytt. Aktiveringsbrevet kan bestillast frå det året ein fyller 13. Klikk på lenka over og skriv inn fødselsnummeret ditt i det feltet du får opp. Du vil få ei kvittering på at du har bestilt aktiveringsbrev. Aktiveringsbrev vert berre sendt til adressa du har registrert i det norske folkeregisteret. Har du både postadresse og bustadsadresse, vert det sendt til postadresse. Normal leveringstid er 10 virkedagar.
Her kan du søke om politiattest (vandelsattest) elektronisk og sjekke status på søknaden din. Hvis du har opprettet en digitale postkasse, får du attesten i din der. Hvis du ikke har digital postkasse, får du attesten tilsendt per post til adressen din.
Ein fødselsattest inneheld opplysningar om namnet, fødselsdatoen, personnummeret, kjønn, fødestad og eventuelt namnet på foreldra til ein person. Når det gjeld nyfødde, sender skatteetaten automatisk ein fødselsattest til foreldra etter at namnet til barnet er registrert.
Du kan bestille fødselsattest, bustadsattest, vigselsattest, bekrefting på foreldreansvar, bekrefting på sivilstand (ugift, gift, separert, skilt, enkje, enkjemann), utskrift av opplysningane som er registrert om deg i folkeregisteret, bustadsbekrefting etter skatteavtale med meir.