Om digital postkasse

Digital postkasse frå e-Boks og Digipost gjev deg ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig post frå det offentlege digitalt. Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ynskjer.

Motta post digitalt på en sikker måte

Brev med vedtak, helseopplysningar eller anna sensitiv informasjon kan ikkje verte sendt på vanleg e-post fordi det ikkje er sikkert nok. I e-Boks og Digipost vert dei offentlege breva sendt kryptert, og dei vert lagra på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgang til din eigen post. 

Med ei digital postkasse bidreg du til at det offentlege kan bruke fellesskapet sine pengar på andre ting enn porto, papir og transport, samstundes som du er med på å spare miljøet.

Med ei digital postkasse hjå e-Boks eller Digipost kan du også motta digital post frå private verksemder same stad som du mottek post frå det offentlege.
 

Vel mellom to jambyrdige postkasser

Du kan velje mellom to postkassar - Digipost eller e-Boks. Postkassane er jambyrdige og begge tilfredsstiller strenge krav til tryggleik. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og straumleverandørar, kan du velje den postkassa som passar best for deg.

Den største skilnaden mellom dei to postkassane er kva private verksemder du kan motta digital post frå. Postkassane har også ulik design og noko ulik funksjonalitet. Dette kan du lese meir om på nettstadane til dei to postkassane. Om du angrar på kva postkasse du har valt, kan du enkelt byte seinare om du ynskjer det.
 

Sjå kva private avsendarar som sender til e-Boks og Digipost.

Dette kan du få i din digitale postkasse

Over 800 statlege verksemder og kommunar sender brev digitalt til e-Boks og Digipost. Blant anna kan du få skatteoppgjøret ditt, politiattest fra politiet og vedtak fra Nav i din digitale postkasse.

Du får ikkje reklame i den digitale postkassa di. 

I personvernerklæringa for digital postkasse og Kontakt- og reservasjonsregisteret kan du lese om korleis Digitaliseringsdirektoratet samlar inn og brukar informasjonen i registeret.

Slik opnar og les du posten din

Du treng ikkje sjekke om det er kome brev frå det offentlege i den digitale postkassa di. Kvar gong kommunen eller staten sender post til deg, får du varsling på SMS eller e-post. For å opne og lese posten din brukar du same innlogging som du er van med å bruke når du sjekkar skattemeldinga eller brukar andre offentlege tenester på nett.  

  • Når du får ny post, vert du varsla på SMS eller e-post
  • For å opne og lese brevet går du til heimesida til din valde postkasse, digipost.no eller e-boks.no 
  • Logg inn i postkassa via ID-porten

Du kan og laste ned ein app frå både Digipost og e-Boks for enkelt å lese brev på mobil eller nettbrett.

Reservasjon mot digital kommunikasjon

Om du ynskjer å motta viktige brev frå det offentlege på papir, må du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Men om du aldri har nytta ein offentleg teneste på nett som krev innlogging via ID-porten, vil du framleis motta posten din frå det offentlege på papir. Du treng då ikkje reservere deg.

Slik skaffar du deg ei digital postkasse

Spørsmål og svar om digital postkasse

Reservasjon mot digital kommunikasjon

Remote video URL
Motta digital post fra det offentlige!
Remote video URL
Hvordan opprette postkasse hos Digipost?
Remote video URL
Hvordan opprette postkasse hos e-Boks?