Støttekalkulator - Lånekassen
På nettsida til Lånekassen kan du rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån. Resultatet kan bli annleis om det er spesielle forhold inne i bildet.
På nettsida til Lånekassen kan du rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån. Resultatet kan bli annleis om det er spesielle forhold inne i bildet.
Her finn du krav og vilkår for å få støtte, kor mykje du kan få i støtte og oversikt over utdanningar i utlandet som du kan få støtte til frå Lånekassen.
Bruk Karakterkalkulatoren til å rekne ut poenga dine. Med studieveljar kan du sjå kva studiar du kan kome inn på med dine poeng. Den viser deg og kva fag du må ha på vidaregåande, for å kome inn på ulike studiar.
Oversikt over 500 yrker du kan utdanne deg til. Du kan bla etter interesse og type jobb. Jobbkompasset er til hjelp for elevar, lærarar og skulerådgivarar og andre som treng ei oversikt over kva yrkes- og utdanningsmogelegheiter som finst.
Etter hovudopptaket er det kvart år nokre ledige studieplassar på dei ulike universiteta og høgskulane. 19. juli blir dei ledige studieplassane offentleggjorde. Alle kan søkje på dei ledige studieplassane frå og med 20. juli. Det er berre mogleg å søkje på studium der det framleis er ledige plassar.
Studieveljaren gjev deg oversikt over kva studiar du kan søkje på gjennom Samordna opptak og kva som vert krevd for å kome inn på dei forskjellige studiane. Einkelte studium har lokalt opptak og vil difor ikkje finnast i denne lista. Studieveljaren er tilknytta Karakterkalkulatoren kvar du kan berekne skulepoeng og konkurransepoeng og sjå kva studiar du kan kome inn på.
På denne sida kan du hake av for interessene dine og sjå kva utdanningar og yrker som kan passe for deg. Du får oversikt over utdanningar både på vidaregåande skule, fagskule og universitet og høgskular, og du finn godkjente lærebedrifter i kvart fylke. Sida viser og kvar arbeidsmarkedet er ved at du får informasjon om faktisk sysselsetting på yrke ned på fylkes- og kommunenivå. Sida vert oppdatert gjennom bruk av AA-registeret og Brønnøysundregisteret.
Studiebarometeret viser studentane sine oppfatningar om kvalitet i studieprogram ved norske høgskular og universitet. På Studiebarometeret.no kan du einkelt finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram, samanlikna resultat mellom ulike studieprogram og sjå utvikling over tid for eit studieprogram. Data i Studiebarometeret.no byggjer på ein nasjonal spørjeundersøking, som vert sendt ut til ca. 60 000 studentar kvar haust.
Ved hjelp av Vitnemålsportalen kan du sjølv hente ut dine resultat frå høgare utdanning og dele dei med studiestadar, potensielle arbeidsgivarar og andre relevante partar. Tenesta er gratis å nytte.
Nettstaden gjev utanlandske studentar informasjon om studium i Noreg - om studiefinansiering, kva dei kan studere og kvar i Noreg dei kan studere.