Er du arbeidssøkjar? Rettleiar til arbeidssøking
Denne rettleiaren frå Nav kan hjelpe deg i jobbjakta. Her får du hjelp og råd i den situasjonen du er i, anten du har mista jobben eller sagt opp, er permittert, har stått utanfor arbeidslivet lenge, er ung og har lite jobberfaring eller har jobb og ynskjer å byte. Du får og råd om korleis du kan få oversikt over økonomien din og informasjon om støtteordningar i samband med reise og flytting.
Tiltak for å kome i arbeid
Viss du står i fare for å falle ut av arbeidslivet eller ynskjer å kome i arbeid, kan NAV vurdere fleire tiltak og virkemidlar.
Økonomisk sosialhjelp - vegvisar og søknad
Vegvisaren viser deg korleis du søkjer om økonomisk sosialhjelp og kva du kan søkje om. I vegvisaren finn du og informasjon om andre mogleikar enn økonomisk sosialhjelp. Både ordningar og støtte i og utanfor NAV er med, for eksempel bustøtte gjennom Husbanken, som er aktuelt for mange.
Søknad om godkjenning av utdanning med rett til dagpengar
Som hovudregel har du ikkje rett til dagpengar om du er skuleelev eller student, men det er nokre unntak. Om du ynskjer å behalde dagpengar medan du er skuleelev, må du søkje om dette. Les meir om dagpengar og utdanning på Nav.no.
Sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilanser
Dette skjema brukar du om du er sjølvstendig næringsdrivande eller frilanser, og vil søkje om forsikring for tillegg til sjukepengar.
Økonomisk stønad - søknad
Enkeltvedtak - klage
Sjukepengar til arbeidstakarar
Sjukepengar skal gi kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive medlemmer som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade. Her finn du informasjon om kvsn som kan få sjukepengar, kor mykje du kan få, kor lenge du kan få sjukeåengar og korleis du søker.
Søk sosialhjelp
Du kan søke om å få økonomisk sosialhjelp hvis du ikke har nok midler til et forsvarlig livsopphold. Med livsopphold menes å ha penger til nødvendige utgifter som mat, klær, husholdningsartikler og fritid. Søknad om økonomisk sosialhjelp er nå gjort digital. Du kan fortsatt søke sosialhjelp på papir.