MinJournal.no er stengt
Tjenestene som tilbys gjennom løsningen minjournal.no er utilgjengelig inntil disse er overført til helsenorge.no eller gjøres tilgjengelig igjen på annet vis.
Tjenestene som tilbys gjennom løsningen minjournal.no er utilgjengelig inntil disse er overført til helsenorge.no eller gjøres tilgjengelig igjen på annet vis.
Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i kjernejournal din.
Her kan du finne fastlegen din, få oversikt over ledige fastlegar og bytte fastlege. Du kan bytte fastlege to gonger per kalendarår. Du kan og setje deg på venteliste om legen du ynskjer ikkje er ledig.
Her kan du sjekke om det er uheldige virkninger ved kombinasjon av legemiddel.
Ei ordinær undersøking skal vise om det er behov for behandling, gje behandlingsforslag og kostnadsoverslag. Prisane inkluderer kontroll av tenner, to røntgenbilete, enkel tannreins, hygienetillegg og alle obligatoriske prosedyrar fram til avslutta behandling. Du finn også prisen på ulike typar behandling.
Søk i alle legemidler som er godkjent i Norge. Finn informasjon om riktig bruk, interaksjoner, blå resept, medisinbytte i apotek og varsler fra Statens legemiddelverk.
Alle som er pasientar ved eit av sjukehusa i Helse Vest, kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa. Du kan sende spørsmål om timen, få endra timen eller gje beskjed om du vil avslutte behandlinga. Alle får svar i løpet av to arbeidsdagar.
Portalen Helsenorge.no er ein vegvisar til helsetenesta og sjølvbeteningsløysingar i helsesektoren. Portalen presenterar og har informasjon om førebygging, helse, sunnheit, sjukdom, behandling og den einskilde sine rettar som pasient. Informasjonen om fritt sjukehusval som låg på nettstaden frittsykehusvalg.no, er flytta over på helsenorge.no. Du finn det under menypunktet Fritt behandlingsval.
Pasientjournalen din inneheld dokument frå sjukehus som du har vore behandla ved. Du har rett til å sjå kva som står i pasientjournalen din, og du kan no sjå journaldokument fra sjukehusa i Helse nord, Helse vest og Helse sør-aust på nett. Det er berre journaldokument som er godkjende etter ein bestemt dato som er tilgjengelege på nett. Via digitale skjema kan du også be om utskrift av pasientjournalen og om endring eller sletting dersom du meiner journalen inneheld feilaktige eller mangelfulle opplysningar.
Her finn du informasjon om kva rett du har til helsehjelp som arbeidstakar frå land innanfor eller utanfor EU/EØS eller Sveits, pensjonist eller turist i Noreg. Du finn og kva helserettar du har som asylsøkjar, flykting, student eller au pair frå land utanfor EU/EØS eller Sveits.