Oslo Pensjonsforsikring
Her kan du søke om alderspensjon og lån til bolig osv. i Oslo Pensjonsforsikring AS. Selskapet tar hånd om pensjonsordningene innen kommunen, herunder de kommunale foretakene og kommunalt majoritetseide aksjeselskaper.
Her kan du søke om alderspensjon og lån til bolig osv. i Oslo Pensjonsforsikring AS. Selskapet tar hånd om pensjonsordningene innen kommunen, herunder de kommunale foretakene og kommunalt majoritetseide aksjeselskaper.
Om du har låg inntekt og høge buutgifter, kan du søkje om bustøtte. På Husbanken sine nettsider kan du søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Du kan og sjå kven som kan få bustøtte, kva slags krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning.
Her kan du søke om foreldrepeng, eingongsstønad eller svangerskapspeng digitalt. Du kan søke om utsetjing av foreldrepengane eller gjere endringar om du allereie mottek foreldrepeng og skal ha ferie, arbeide eller ein av dykk er sjuke.
Bruk vegvisaren for å sjå om du burde velje foreldrepeng eller eingongsstønad. Du kan kun få ein av desse.
Du kan få kontantstøtte for barn mellom eit og to år (frå fylte 13 til og med 23 månader) eller adoptivbarn som ikkje har starta på skulen. Om barnet ditt går heiltid i ein barnehage med offentleg tilskot, får du ikkje kontantstøtte. Går barnet deltid i ein barnehage med offentleg tilskot, kan du få delvis støtte.
Om du har omsorg for barn under 18 år som bur hjå deg i Noreg, kan du ha rett på barnetrygd. Einsleg mor eller far kan i tillegg få utvida barnetrygd og småbarnstillegg. Du treng som hovudregel ikkje å søke om barnetrygd. Om barnet vert fødd i Noreg, vil mor automatisk få barnetrygd omtrent 2 månader etter fødselen.
Om du tidlegare har hatt dagpengar og skal søkje på nytt etter ein periode der du ikkje har fått dagpengar, kan du sende ein forenkla søknad. Føresetnaden er at avbrotet ikkje har vart meir enn 52 veker.
For å få dagpengar må du først registrere deg som jobbsøkjar hjå Nav. Du kan søkje om dagpengar ei veke før den første dagen du har blitt heilt eller delvis arbeidsledig. Det er viktig at du ikkje søkjer for tidleg. Nav kan ikkje innvilga deg dagpengar før vilkåra for å få dagpengar er oppfylte, og ein for tidleg innsendt søknad kan gi avslag.
Arbeidsavklaringspengar skal sikre deg inntekt i periodar du på grunn av sjukdom eller skade har behov for bistand frå Nav for å komme i arbeid. Skal du ha rett til AAP, må arbeidsevna di vere redusert med minst 50 prosent.
Uføretrygd kan vere aktuelt for deg som har varig nedsett inntektsevne på grunn av sjukdom eller skade. Om du har rett til 100 prosent uføretrygd eller gradert (delvis) uføretrygd, avheng av inntektsevna di. Har du moglegheit til å arbeide til dømes 40 prosent, kan du ha rett til 60 prosent uføretrygd. Du kan ha rett til barnetillegg dersom du er uføretrygda og forsørgjer eigne barn eller fosterbarn som er under 18 år.