Bekrefting på foreldreansvar
Bekrefting på foreldreansvar viser kva foreldreansvar som er registrert på eit barn. Du kan trenge ei bekrefting i søkeprosessar med for eksempel bank eller forsikringsselskap.
Bekrefting på foreldreansvar viser kva foreldreansvar som er registrert på eit barn. Du kan trenge ei bekrefting i søkeprosessar med for eksempel bank eller forsikringsselskap.
Alle som giftar seg, mottek ei stadfesting etter at giftemålet er registrert hjå skatteetaten. Treng du ein vigselsattest på papir eller ynskjer du ein kopi, kan du bestille her.
Melding til Statsforvaltaren (tidlegare kalla Fylkesmannen) er eit elektronisk skjema som du kan bruke til å ettersende dokument eller anna informasjon som Statsforvaltaren treng til behandling av ei sak. Skjemaet kan og brukast til å sende ei melding til Statsforvaltaren, i staden for å sende brev.
Du kan søke skilsmisse på to ulike grunnlag: Skilsmisse etter 1 års separasjonstid eller skilsmisse etter 2 års samlivsbrot. Har du vore formelt separert i minst eit år, kan du søke om skilsmisse. Du kan søke om skilsmisse utan å bli separert først om du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst 2 år og er einige om at dette er eit samlivsbrot. Du og ektefellen din kan også søkje om skilsmisse i fellesskap.
Før de giftar dykk, må skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det betyr at de må fylle inn ein del opplysningar. Saksbehandlinga kan ta tid, så ver ute i god tid før bryllupet.