Ny adresse i utlandet
Om du under opphaldet i utlandet flyttar til ei ny adresse, kan du sende melding til skatteetaten om dette.
Om du under opphaldet i utlandet flyttar til ei ny adresse, kan du sende melding til skatteetaten om dette.
Du kan leggje til eller endre postadresse viss du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast dit istadenfor til den folkeregistrerte adressa din. For å leggje til eller endre postadressa, sender du oss ei melding via vårt kontaktskjema. Har du ikkje mogelegheit å logge deg inn, kan du levere skjema på papir.
Om du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast til ei anna adresse enn til den folkeregistrerte adressa di, kan du legge til eller endre postadressa. Dette gjeld og om du bur i utlandet.
Flyttar du innan Noreg, må du melde frå til folkeregisteret innan 8 dager etter at du flytta. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Er du student, kan du som hovedregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar. Skatteetaten og Lånekassen kan gi meir informasjon.