ID-porten
ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på internett. For å logge inn til tenester frå det offentlege kan du bruke ID-porten og logge inn med enten MinID, BankID, Commfides, Buypass eller BankID på mobil. MinID kan brukast til innlogging til tenester på mellomhøgt sikkerheitsnivå. Dei tre andre kan òg brukast på høgste sikkerheitsnivå, som til tenester med helseopplysningar.