Søknad om pasientskadeerstatning
Her finn du skademeldingsskjema for å søke om pasientskadeerstatning.
Her finn du skademeldingsskjema for å søke om pasientskadeerstatning.
Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Det blir kvart år sett av midlar til oppfølging av tiltak i samband med Handlingsplan mot speleproblem. Tilskotsordninga gjeld for både pengespel og dataspel.
Alle som er pasientar ved eit av sjukehusa i Helse Vest, kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa. Du kan sende spørsmål om timen, få endra timen eller gje beskjed om du vil avslutte behandlinga. Alle får svar i løpet av to arbeidsdagar.
Portalen Helsenorge.no er ein vegvisar til helsetenesta og sjølvbeteningsløysingar i helsesektoren. Portalen presenterar og har informasjon om førebygging, helse, sunnheit, sjukdom, behandling og den einskilde sine rettar som pasient. Informasjonen om fritt sjukehusval som låg på nettstaden frittsykehusvalg.no, er flytta over på helsenorge.no. Du finn det under menypunktet Fritt behandlingsval.
Tjenestene som tilbys gjennom løsningen minjournal.no er utilgjengelig inntil disse er overført til helsenorge.no eller gjøres tilgjengelig igjen på annet vis.
Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i kjernejournal din.
Pasientjournalen din inneheld dokument frå sjukehus som du har vore behandla ved. Du har rett til å sjå kva som står i pasientjournalen din, og du kan no sjå journaldokument fra sjukehusa i Helse nord, Helse vest og Helse sør-aust på nett. Det er berre journaldokument som er godkjende etter ein bestemt dato som er tilgjengelege på nett. Via digitale skjema kan du også be om utskrift av pasientjournalen og om endring eller sletting dersom du meiner journalen inneheld feilaktige eller mangelfulle opplysningar.
Her finn du informasjon om kva rett du har til helsehjelp som arbeidstakar frå land innanfor eller utanfor EU/EØS eller Sveits, pensjonist eller turist i Noreg. Du finn og kva helserettar du har som asylsøkjar, flykting, student eller au pair frå land utanfor EU/EØS eller Sveits.
Om du reiser til eller frå offentleg godkjent behandling, kan du ha rett til å få dekka reiseutgiftene dine i etterkant. Som hovudregel får du dekka utgifter til pasientreise di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du brukar. Du må sende inn søknaden seinast seks månader etter behandlinga.
En del sykmeldte arbeidstakere kan nå motta og sende sykmeldingen elektronisk til arbeidsgiveren sin. Den sykmeldte får et varsel på SMS eller e-post med oppfordring om å logge seg inn på nav.no. Her kan man se sykmeldingen og sende den til arbeidsgiveren.