Om du ynskjer å bli sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje kunne få påminninger og meldinger, som varsel om stenging av vatn, eller anna informasjon frå det offentlege på SMS eller e-post.
For å få utført tenester frå stat og kommune på nett må du ha ein elektronisk identifikasjon, e-ID, for å kunne logge deg inn. Ein elektronisk identifikasjon er ein elektronisk måte å legitimere seg på over internett.
Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at stat og kommune kan gå over til å kommunisere med deg som innbyggjar på nett i staden for på papir. Dette vil gjere kommunikasjonen enklare, raskare og sikrare for deg som innbyggjar. I tillegg er du med på å spare miljøet og redusere offentlege utgifter.