Søknad på stilling
Melde mellombels adresseendring til Posten
Skal du reise bort, kan du få posten din ettersend til den mellombelse adressa di. Post kan ettersendast i Noreg og til utlandet.
Oppbevaring av post
Her kan du bestille oppbevaring av post. Oppbevart post blir levert i postkassa di når du er tilbake.
utdanning.no - finn utdanning, yrker og læreplassar
På denne sida kan du hake av for interessene dine og sjå kva utdanningar og yrker som kan passe for deg. Du får oversikt over utdanningar både på vidaregåande skule, fagskule og universitet og høgskular, og du finn godkjente lærebedrifter i kvart fylke. Sida viser og kvar arbeidsmarkedet er ved at du får informasjon om faktisk sysselsetting på yrke ned på fylkes- og kommunenivå. Sida vert oppdatert gjennom bruk av AA-registeret og Brønnøysundregisteret.
Skal du arbeide i Norge?
Som utenlandsk arbeidstaker i Norge må du ha skattekort, levere skattemelding og motta et skatteoppgjør. Her får du informasjon om blant annet hva du skal gjøre for å kunne starte i jobb og hva du må ha med deg når du kommer til skattekontoret.
Er du arbeidssøkjar? Rettleiar til arbeidssøking
Denne rettleiaren frå Nav kan hjelpe deg i jobbjakta. Her får du hjelp og råd i den situasjonen du er i, anten du har mista jobben eller sagt opp, er permittert, har stått utanfor arbeidslivet lenge, er ung og har lite jobberfaring eller har jobb og ynskjer å byte. Du får og råd om korleis du kan få oversikt over økonomien din og informasjon om støtteordningar i samband med reise og flytting.
Digital sykmelding
En del sykmeldte arbeidstakere kan nå motta og sende sykmeldingen elektronisk til arbeidsgiveren sin. Den sykmeldte får et varsel på SMS eller e-post med oppfordring om å logge seg inn på nav.no. Her kan man se sykmeldingen og sende den til arbeidsgiveren.
Nordisk termbase
Her finn du informasjon om ord og termer som vert brukt innanfor viktige samfunnsområder i dei nordiske landa. Det kan vere til hjelp om du skal arbeide eller studere i eit anna nordisk land.
Your Europe - Ditt Europa
Your Europe er ein EU-portal som skal hjelpe deg som vil flytte, bu, studere, arbeide, handle eller berre reise til andre europeiske land. Her finn du informasjon om grunnleggande rettigheter i samsvar med EU-retten og korleis disse rettigheitane er gjennomført i dei enkelte land. Du kan og ta gratis kontakt med EUs hjelpeteneste og få personleg og detaljert hjelp og rådgiving.