Med ei digital postkasse frå e-Boks eller Digipost kan du motta viktig post frå det offentlege digitalt. Di personlege postkasse er gratis og du kan trygt lagre posten så lenge du ønskjer.
Her finn du vanlege spørsmål om korleis du skaffar deg ei digital postkasse, korleis du loggar inn og les posten din, og korleis posten vert lagra i den digitale postkassa di.
Om du ynskjer å bli sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje kunne få påminninger og meldinger, som varsel om stenging av vatn, eller anna informasjon frå det offentlege på SMS eller e-post.
For å få utført tenester frå stat og kommune på nett må du ha ein elektronisk identifikasjon, e-ID, for å kunne logge deg inn. Ein elektronisk identifikasjon er ein elektronisk måte å legitimere seg på over internett.
Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at stat og kommune kan gå over til å kommunisere med deg som innbyggjar på nett i staden for på papir. Dette vil gjere kommunikasjonen enklare, raskare og sikrare for deg som innbyggjar. I tillegg er du med på å spare miljøet og redusere offentlege utgifter.