Feiltolkning av EØS-reglane

NAV

Her finn du informasjon om behandling av saker som gjelder feiltolkninga av EØS-reglane, for deg som har motteke arbeidsavklaringspengar, sjukepengar og pleiepengar. Om du har spørsmål du ikkje finn svar på nedanfor og trur du kan vera ramma av feiltolkninga kan du ringe: 21 05 21 05.

Kalkulator for forbruksutgifter - SIFOs referansebudsjett

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO)

SIFOs referansebudsjett viser alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Her kan få eit overslag over kva det kostar å leve på eit rimeleg forbruksnivå for din hushaldning, og du kan rekne ut ditt eige budsjett.

Informasjon om krisa i Ukraina

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Vel om du vil finne informasjon om beskyttelse og opphald for å vere i Noreg, eller om du vil reise til Noreg. Informasjon til myndigheter og andre samfunnsaktører er og tilgjengeleg her.

MinID

For å få utført tenester frå stat og kommune digitalt må du ha ein elektronisk ID for å kunne logge deg inn. Denne bekreftar at du er den du gir deg ut for å vere.

MinID er ein personleg elektronisk ID som gir tilgang til offentlege tenester, og er gratis å få og å bruke.

Bestille aktiveringsbrev til innlogging med MinID

Digitaliseringsdirektoratet

Om du ikkje har akiveringsbrevet for innlogging med MinID, kan du bestille nytt. Aktiveringsbrevet kan bestillast frå det året ein fyller 13. Klikk på lenka over og skriv inn fødselsnummeret ditt i det feltet du får opp. Du vil få ei kvittering på at du har bestilt aktiveringsbrev. Aktiveringsbrev vert berre sendt til adressa du har registrert i det norske folkeregisteret. Har du både postadresse og bustadsadresse, vert det sendt til postadresse. Normal leveringstid er 10 virkedagar. 

Digital postkasse - gratis og enkelt

Med ei digital postkasse frå e-Boks eller Digipost kan du motta viktig post frå det offentlege digitalt. Di personlege postkasse er gratis og du kan trygt lagre posten så lenge du ønskjer.

Spørsmål og svar

Her finn du vanlege spørsmål om korleis du skaffar deg ei digital postkasse, korleis du loggar inn og les posten din, og korleis posten vert lagra i den digitale postkassa di.

Slett kontaktinformasjon

Om du ynskjer å bli sletta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje kunne få påminninger og meldinger, som varsel om stenging av vatn, eller anna informasjon frå det offentlege på SMS eller e-post.

Digital kommunikasjon

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at stat og kommune kan gå over til å kommunisere med deg som innbyggjar på nett i staden for på papir. Dette vil gjere kommunikasjonen enklare, raskare og sikrare for deg som innbyggjar. I tillegg er du med på å spare miljøet og redusere offentlege utgifter.

Reservasjon

Som innbyggjar kan du gje beskjed om du ynskjer å reservere deg mot digital kommunikasjon.