Dødsfall og arv

Når nokon døyr, skriv sjukehuset eller legen ut ein dødsattest. Arvingane må ta stilling til korleis arven skal delast.

Der dødsmeldinga vert levert på papir, skal dødsfallet meldast til tingretten. Vanlegvis gravferdsbyrået det på vegne av familien.

Der dødsmeldinga meldast elektronisk, vil meldinga gå direkte til folkeregisteret og dødsårsaksregisteret. Tingretten skal ikkje lenger motta papirkopi av den elektroniske legeerklæringa, men kan få bekrefta dødsfallet ved å slå opp i folkeregisteret.

Gravferd

Alle har rett til fri grav. Spørsmål om gravferd, kremasjon og grav kan rettast til kyrkjeleg fellesråd i kommunen. Du finn meir informasjon om gravferd og seremoniar på Regjeringen.no.

Hadde avdøde oppretta testament?

Eit testament kan ha fastsetjingar om gjennomføring av gravferd i tillegg til fordeling av arv. 

Om testamentet er oppbevart ved ein av landets domstolar, vert tingretten klar over testamentet når dødsfallet vert registrert.

Oversikt over avlidne formue og gjeld

Kva verdiar og gjeld dødsbuet består av, kan ha betydning når arvingane skal avgjere om og korleis dødsbuet skal gjerast opp.
Alle arvingar kan kontakte retten og få ein såkalla formuesfullmakt. Den kan til dømes verte brukt til å få siste års skattemelding og saldoopplysningar frå bankar.

Arv og skifte

Med skifte meiner ein oppgjer og fordeling av eit bu. Arveoppgjeret er ein ofte brukt nemning på skifte av eit dødsbu. Eigedelar og formue som den avlidne har etterlatt seg, kan verte fordelt (skifte) på fleire måtar. 

Privat skifte

Det vanlegaste er privat skifte, det vil sei at arvingane vert einige seg imellom om korleis eigedelane og formuen skal verte fordelt. Ved eit privat skifte tek ein eller fleire av arvingane på seg gjeldsansvaret etter den avlidne. Det betyr at arvingen(ane) står ansvarleg for all gjeld den avlidne etterlet seg.

Offentleg skifte

Om arvingane ikkje ynskjer å ta ansvaret med å fordele den avlidne sin formue og eigedelar, kan dei be tingretten gjennomføre eit offentleg skifte. Tingretten vil då som regel oppnemne ein bubestyrar til å forvalte buet på retten sine vegne.

Uskifta bo

Om den som døyr hadde felles barn med attlevande ektefelle eller sambuar, har den attlevande rett til å sleppe å skifte felleseiget med barna dei hadde saman. Dette vert kalla uskifte eller uskifta bu. Barna ein har felles ventar då med å få sin arv til den attlevande mor eller far er død. 

Arveavgifta er fjerna

Arveavgifta er fjerna frå og med 2014. Det betyr at du ikkje skal sende inn arvemelding eller gåvemelding for arv eller gåve du har fått i 2014 eller seinare.

Rettleiing

Det er tingretten som tek seg av skifte av dødsbu. Kontakt desse for å få rettleiing.

Du finn skjema og meir informasjon om dødsfall og arv på Domstol.no.

Du finn skjema og informasjon om ytelser ved dødsfall på Nav.no.

 

Dødsfall, arv og skifte

Domstoladministrasjonen

Her finn du informasjon om og link til skjema om dødsfall, arv og skifte.

Gravferd - skjema

Kulturdepartementet

Her finn du skjema for krav om gravlegging og/eller kremasjon og søknad om godkjenning av gravminne.

Heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte

Statens kartverk

Når ein person døyr, bør ein overføre den avlidne sin eigedom til arvingane eller til ein ektefelle eller samboer i uskifta bo. Ved privat skifte skal det fyllast ut ein heimelserklæring.

Ytingar til gjenlevande - NAV

NAV

Gjenlevandepensjon (etterlattepensjon) og overgangsstønad til gjenlevande er ytingar som skal bidra til å sikre ektefelle/samboer inntekt til livsopphald etter dødsfall. Viss du jobbar, har barn, er reell arbeidssøkjar, går på skule eller studerar, kan du og ha rett til andre stønadar. Her finn du og ei oversikt over slike stønadar.  

Etterlattepensjon - SPK

Statens pensjonskasse (SPK)

Når eit medlem av Statens pensjonskasse døyr, kan ektefelle, barn eller registrert partnar ha rett til etterlattepensjon (og kalla gjenlevandepensjon).

Stønad ved gravferd

NAV

Gravferdsstønad skal bidra til å dekke faktiske og nødvendige utgifter til gravferda. Stønaden er behovsprøvd.  

Stønad ved båretransport

NAV

Stønad ved båretransport skal bidra til å dekke utgifter i forbindelse med gravlegging. Stønaden blir gitt når båren med den avdøde må transporterast over lengre avstandar.

Bli organdonor

Helsedirektoratet

Å donere organ betyr å gi eit eller fleire organ til ein anna person. Organdonasjon kan skje frå ein person som nyleg er død, eller frå ein levende donor (familiedonasjon). Levende giver vert ein i Noreg barre ved nyretransplantasjonar. Logg inn her for å oppretta eit digitalt donorkort i kjernejournalen din.

Etterlattepensjon - KLP

Kommunal Landspensjonskasse (KLP)

Etterlattepensjon er ei fellesnemning for ektefellepensjon og barnepensjon. Når ein som er KLP-medlem døyr, kan ektefelle, barn eller registrert partner ha rett til pensjon. 

Etterlattepensjon - OPF

Oslo kommune

Når eit medlem av Oslo pensjonsforening (OPF) dør, kan ektefelle, barn eller registrert partnar ha rett til etterlattepensjon (og kalla gjenlevendepensjon).