Inngå ekteskap

Før de giftar dykk, må skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Den raskaste måten er å søkje elektronisk om de begge har norsk personnummer eller d-nummer. Forventa sakshandsaming er 5 til 6 veker. Ver i alle tilfelle ute i god tid før bryllaupet.

Eigenerklæring

Kvar av dykk må fylle ut skjemaet «Prøvingsattest - erklæring frå brudefolket» for prøving av ekteskapsvilkåra.

Forlovere

Kvar av dykk må ha ein forlovar. Forlovarane må fylle ut skjemaet «Forlovarerklæring».

Tidligere gift? 

Om ein av dykk eller begge har vore gift tidlegare, må vedkomande fylle ut skjemaet «Erklæring om skifte».

For personar som er skilt etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere anerkjend av statsforvaltaren. Last ned søknadsskjema her.

Prøvingsattest

Send inn skjemaa digitalt eller på papir til skatteetaten. Skatteetaten behandlar saka og skriv ut ein såkalla prøvingsattest. Attesten syner at de oppfyller krava for å inngå ekteskap.

Prøvingsattesten skal de sende til den som skal vigsle dykk (vigsler). Om de har oppgitt vigsler sin adresse i eigenerklæringa, sender skatteetaten attesten direkte dit.
 

Vigsel

De kan velje mellom ulike seremoniar, til dømes kyrkjeleg vigsel og borgarleg vigsel. Frå 1. januar 2018 vart ansvaret for utføring av borgarleg vigsel overført frå tingrettane og Oslo byfogdembete til kommunane. 

Statsforvaltarane har oversikt over trus- og livssynssamfunn med vigselsrett. 

Vigselsattest

Etter at de er vigsla, sender vigslaren dokumenta til skatteetaten. Skatteetaten sender ei stadfesting til din innboks i Altinn. Om de ikkje er digitale brukarar, vil stadfestinga verte sendt til dykk i posten. Det vil framleis vere mogleg å etterbestille vigselsattest på Altinn.

Ektepakt

Om de ikkje ynskjer felleseige, kan de opprette ei ektepakt. Det er lovbestemde krav til korleis ei ektepakt skal etablerast og utformast.

Gifte seg i utlandet

Du finn informasjon om å gifte seg i utlandet og å gifte seg med utanlandsk statsborgar på Skatteetaten.no.

Endre namn?

Om du ynskjer å endre namn, må du fylle ut «Melding om endring av namn». 
Hugs også å skaffe nytt pass om ein eller begge har endra namn.
 

Melde flytting innanlands

Skatteetaten

Flyttar du innan Noreg, må du melde frå til folkeregisteret innan 8 dager etter at du flytta. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Er du student, kan du som hovedregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar. Skatteetaten og Lånekassen kan gi meir informasjon.

Melding om endring av namn

Skatteetaten

Du kan endre både fornamnet, mellomnamnet og etternamnet ditt. Merk at mellomnamn ikkje er eit fornamn. Namn som kan takast som etternamn, kan og takast som mellomnamn.

Fornye pass eller ID-kort

Politidirektoratet

Hjå politiet finn du informasjon om å fornye pass eller ID-kort, bestille, endre eller avbestille time, pris, leveringstid, hente pass eller ID-kort, opningstider og hugseliste for det du må ha med deg til pass– og ID-kontoret. Du må møte opp hjå politiet for å få nytt pass eller ID-kort.

Kopi av vigselsattest

Skatteetaten

Alle som giftar seg, mottek ei stadfesting etter at giftemålet er registrert hjå skatteetaten. Treng du ein vigselsattest på papir eller ynskjer du ein kopi, kan du bestille her.

Ektepakt

Brønnøysundregistrene

Her kan du laste ned skjema for å tinglyse ektepakt. Ei ektepakt er ein avtale mellom ektefellar om formuestilhøva mellom ektefellane. Det er visse strenge formkrav til oppretting av ei gyldig ektepakt. Ektepakter omhandlar typisk etablering av særeige og overføring av større gåver.

Ekteskap i Norge

Skatteetaten

Før de giftar dykk, må skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det betyr at de må fylle inn ein del opplysningar. Saksbehandlinga kan ta tid, så ver ute i god tid før bryllupet.

Ekteskap i utlandet

Skatteetaten

Skal de gifta dykk i utlandet, kan ekteskapet bli inngått anten etter utanlandsk eller etter norsk rett. Før de kan gifta dykk, anten det er etter norsk eller utanlandsk rett, må skatteetaten sjekke om de/den av dykk som er/har vore busett i Noreg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.