Få barn

Her finn du informasjon og tenester som er aktuelle ved svangerskap og fødsel. Det omfattar mellom anna foreldreansvar, økonomiske ytingar, mødrekvote og fedrekvote og barnets namn.

Rett til gratis svangerskapskontroll 

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hjå jordmor på helsestasjon. Den gravide kan velje om ho vil gå til fastlege eller jordmor. Tilbodet om svangerskapskontrollar er gratis og skal sørgje for at du får råd og rettleiing.

Foreldreansvar

Blir barnet fødd frå og med 1. januar 2020 får i utgangspunktet begge foreldre felles foreldreansvar. Dette gjeld både barn som har gifte foreldre, barn som har sambuande foreldre og barn som har foreldre som ikkje bur saman. 

For barn fødd utanfor samliv før 2020 har mora foreldreansvaret åleine.

Les meir om farskap og morskap på Barne- og familie-departementet sine nettsider.

Det gjeld eigne reglar i saker om foreldreansvar, fast bustad og samvær på tvers av landegrenser

Fødselsattest, fødselsnummer og namn

Skatteetaten tildeler barnet eit fødselsnummer og sender ein førespurnad til mor om å velje eit namn til barnet. Stadfestinga mottek du i din innboks i Altinn. I di fleste tilfelle treng du ikkje lenger ein stempla og signert fødselsattest.

Barn fødd i utlandet

Om de er norske foreldre som har fått barn i utlandet, må de møte opp på skattekontoret saman med barnet når de kjem tilbake til Noreg. Dettevert krevd for at barnet skal bli registrert busett i Noreg. 

Eit barn blir norsk statsborgar om ein av foreldra er norsk statsborgar.

Frå 1. januar 2020 har Noreg opna for eit eller fleire stasborgarskap i tillegg til det norske. Les meir om dobbelt statsborgerskap

Foreldrepeng

Foreldrepeng er ei yting frå folketrygda. Du kan bruke denne kalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få i foreldrepeng. Den samla stønadsperioden er på 49 veker med 100 prosent dekningsgrad og 59 veker med 80 prosent dekningsgrad. 

Fedrekvote og mødrekvote

Både fedrekvoten og mødrekvoten er på 15 veker kvar ved 100 prosent foreldrepenger, eller 19 veker ved 80 prosent foreldrepeng. I tillegg til mødrekvoten får mor og 3 veker før termin. 

Fellesperioden er på 16 veker ved 100 prosent foreldrepeng, eller 18 veker ved 80 prosent foreldrepeng.

Med foreldrepengeplanleggaren de planlegge kor mange veker de kan ta ut foreldrepeng, og korleis de kan utsetje periodar med foreldrepeng. 

Søk om foreldrepeng, eingongsstønad eller svangerskapspengar digitalt.

Eingongsstønad

Om du ventar barn og ikkje hatt inntekt det siste året, kan du få ein eingongssum i staden for foreldrepeng. Finn ut om du kan ha rett til foreldrepeng eller eingongsstønad

Barnehageplass

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eit år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. 

Om barnet fyller eit år i løpet av august, september, oktober eller november det året det blir søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vart fødd.

Les meir om rett til barnehageplass på regjeringen.no.

Du finne informasjon og søknadsskjema på kommunen sine nettsider. 

Barnetrygd og kontantstøtte

Du treng som hovudregel ikkje å søke om barnetrygd. Om barnet vert fødd i Noreg, vil mor automatisk få barnetrygd omtrent to månader etter fødselen. Du finn informasjon om barnetrygd og kontantstøtte på Nav sine nettsider.

Du kan lese om adopsjon på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine nettsider og om ufrivilleg barnlausheit (assistert befruktning) på Helsenorge.no.

Søk om å få dekke ei pasientreise

Pasientreiser HF

Om du reiser til eller frå offentleg godkjent behandling, kan du ha rett til å få dekka reiseutgiftene dine i etterkant. Som hovudregel får du dekka utgifter til pasientreise di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du brukar. Du må sende inn søknaden seinast seks månader etter behandlinga.​​

Medisinsk fødselsregister

Folkehelseinstituttet

Medisinsk fødselsregister (MFR) er eit landsomfattande helseregister over alle fødslar i Noreg. Registeret skal bidra til å avklare årsakar til og konsekvensar av helseproblem i samband med svangerskap og fødsel, samt overvåke førekomsten av medfødde misdanningar. Sjå og helsenorge.no.

Foreldrepengeplanleggar

NAV

Her kan de planlegge kor mange veker de kan ta ut foreldrepeng, og korleis de kan utsetje periodar med foreldrepeng. Planleggaren viser ikkje kor mykje de kan få utbetalt.

Graviditet og svangerskapskontroll

Helsedirektoratet

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg. Her finn du informasjon om graviditeten veke for veke, svangerskapskontrollane, vanlege plagar og kva du bør passe på som gravid. Tilbodet om svangerskapskontrollar er gratis, og skal sørgje for at du får råd og rettleiing slik at du og barnet har det best mogleg. 

Utbetalingsdatoar - NAV

NAV

Her finn du generell informasjon om utbetalingar frå NAV. I oversikta for kvar yting får du informasjon om utbetalingsdatoar, feriepeng og kva månader det vert trekt lågare eller ingen skatt.

Namnesøk

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Her kan du søke på førenamn og etternamn og finne ut kor mange i Noreg som heiter dette og korleis bruken av namnet har vore over tid.

Godkjenn eller avvis barnet sitt namn

Skatteetaten

Er du far eller medmor og deler foreldreretten med mor, må du godkjenne namnevalet mor har meldt inn. Dette gjer du elektronisk.

Meld inn barnet sitt namn

Skatteetaten

Når skatteetaten har sendt deg ei henvending om å velje namn til barnet ditt, kan du melde det inn elektronisk. Dette gjeld kun ved første gongs namneval.

Helsenorge.no

Norsk helsenett SF

Portalen Helsenorge.no er ein vegvisar til helsetenesta og sjølvbeteningsløysingar i helsesektoren. Portalen presenterar og har informasjon om førebygging, helse, sunnheit, sjukdom, behandling og den einskilde sine rettar som pasient. Informasjonen om fritt sjukehusval som låg på nettstaden frittsykehusvalg.no, er flytta over på helsenorge.no. Du finn det under menypunktet Fritt behandlingsval.

Kjernejournal

Norsk helsenett SF

Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i kjernejournal din.

Søk om foreldrepeng eller eingongsstønad digitalt

NAV

Her kan du søke om foreldrepeng, eingongsstønad eller svangerskapspeng digitalt. Du kan søke om utsetjing av foreldrepengane eller gjere endringar om du allereie mottek foreldrepeng og skal ha ferie, arbeide eller ein av dykk er sjuke. 

Krav om kontantstøtte

NAV

Du kan få kontantstøtte for barn mellom eit og to år (frå fylte 13 til og med 23 månader) eller adoptivbarn som ikkje har starta på skulen. Om barnet ditt går heiltid i ein barnehage med offentleg tilskot, får du ikkje kontantstøtte. Går barnet deltid i ein barnehage med offentleg tilskot, kan du få delvis støtte.

Barnetrygd

NAV

Om du har omsorg for barn under 18 år som bur hjå deg i Noreg, kan du ha rett på barnetrygd. Einsleg mor eller far kan i tillegg få utvida barnetrygd og småbarnstillegg. Du treng som hovudregel ikkje å søke om barnetrygd. Om barnet vert fødd i Noreg, vil mor automatisk få barnetrygd omtrent 2 månader etter fødselen.

Bekrefting på foreldreansvar

Skatteetaten

Bekrefting på foreldreansvar viser kva foreldreansvar som er registrert på eit barn. Du kan trenge ei bekrefting i søkeprosessar med for eksempel bank eller forsikringsselskap.