Flytte

Hovudregelen er at du må melde frå om flytting til folkeregisteret (skatteetaten) tidlegast 31 dagar før, og seinast 8 dagar etter at du har flytta.

Det er ulike reglar for melding om flytting om du flytter innanlands, innan Norden eller til land utanfor Norden.

Flytting innan Noreg

Du må sende flyttemelding til folkeregisteret (skatteetaten) innan 8 dagar etter at du har flytta. Du kan og melde adresseendring til folkeregisteret og Posten samtidig på posten.no.

Er du student, kan du som hovudregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar.

Om du ynskjer at posten frå det offentlege skal sendast til ei anna adresse enn til den folkeregistrerte adressa di, kan du leggje til eller endre postadresse.

Flytting til eit nordisk land

Du treng berre melde flytting i det landet du flytter til (Sverige, Island,  Finland, eller Danmark - inkludert Færøyene og Grønland). Du finn informasjon om å flytte til eit nordisk land på Norden.org.

Flytting til eit land utanfor Norden

Du må melde frå til skatteetaten i Noreg.

Flytting til Noreg

Skal du flytte til Noreg og planlegg å bu her i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til skatteetaten i Noreg seinast 8 dagar etter at du har kome til landet. Melding om flytting til Noreg krev personleg oppmøte hjå ditt næraste skattekontor for gjennomføring av ID-kontroll. Du kan bestille time og lese meir om korleis du melder flytting til Noreg her: https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/flytte/til-norge/

Om du skal vere i Noreg i mindre enn 6 månadar, til dømes for å jobbe, skal du ikkje melde flytting hit. Du må likevel møte opp på skattekontoret for å få eit mellombels identifikasjonsnummer (D-nummer).

 

Melde flytting innanlands

Skatteetaten

Flyttar du innan Noreg, må du melde frå til folkeregisteret innan 8 dager etter at du flytta. Folkeregisteret er ein del av skattekontoret. Er du student, kan du som hovedregel velje om du vil vere registrert på studiestaden eller på heimstaden. Er du pendlar, gjeld spesielle reglar. Skatteetaten og Lånekassen kan gi meir informasjon.

Bytte fastlege - Min fastlege

Helfo

Her kan du finne fastlegen din, få oversikt over ledige fastlegar og bytte fastlege. Du kan bytte fastlege to gonger per kalendarår. Du kan og setje deg på venteliste om legen du ynskjer ikkje er ledig.

Klage på takstmann

Reklamasjonsnemnda for takstmenn

Her kan du klage på arbeidet og oppførselen til ein takstmann i samband med taksering av bustader og fritidshus. Du må på førehand har reklamert skriftleg til takstmannen utan at tvisten er løyst.

Melde flytting frå Noreg

Skatteetaten

Om du skal flytte frå Noreg til eit land utanfor Norden, må du melde frå til skattekontoret her heime. Skal du flytte til eit nordisk land, skal flyttinga berre meldast i det landet du flyttar til.

 

 

Melding om flytting til Noreg

Skatteetaten

Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til Noreg seinast 8 dagar etter ankomst.

Ny adresse i utlandet

Skatteetaten

Om du under opphaldet i utlandet flyttar til ei ny adresse, kan du sende melding til skatteetaten om dette.

Kontraktar for husleige, kjøp av bruktbil med meir

Forbrukerrådet

Det er ofte lurt å bruke kontrakt når du kjøper eller leiger. Det blir enklare å fastslå kva de er blitt enige om og det gjer at du står sterkare ved ein eventuell konflikt. Her finn du kontrakt for husleige, kjøp av fast eigedom, handverkartenester, bruktbil, brukt bubil, campingvogn, motorsykkel, fritidsbåt, samt kjøp av husdyr og ting.  

Your Europe - Ditt Europa

Europakommisjonen

Your Europe er ein EU-portal som skal hjelpe deg som vil flytte, bu, studere, arbeide, handle eller berre reise til andre europeiske land. Her finn du informasjon om grunnleggande rettigheter i samsvar med EU-retten og korleis disse rettigheitane er gjennomført i dei enkelte land. Du kan og ta gratis kontakt med EUs hjelpeteneste og få personleg og detaljert hjelp og rådgiving. 

Info Norden - Nordisk samarbeid

Nordisk ministerråd

Info Norden er Nordisk ministerråds informasjonsteneste for personar som flyttar, jobbar og studerar i Norden. Info Norden arbeidar koordinert i heile Norden, og er tilstades i alle dei åtte nordiske landa.

Opphaldsløyve for familiar i EU

Europakommisjonen

Her finn du det du treng å vite viss familiemedlemmane dine flyttar til eit EU-land med deg eller har planar om å kome seinare.