Innhold

Oppdater kontaktinformasjon

For å få post digitalt frå det offentlege i den digitale postkassen din må du vere registrert med rett mobiltelefonnummer eller e-postadresse i det felles nasjonale kontaktregisteret. Du oppdaterer sjølv kontaktinformasjonen, og du treng berre å oppdatere han på éin stad.

Oppdater kontaktinformasjonen din 

Logg inn og sjekk at det offentlege har det rette mobilnummeret eller e-postadressa di:

Oppdater kontaktinformasjonen din

 

Har du ikkje oppdatert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret det siste halvtanna året, vil du få ein e-post eller SMS frå Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) med ei påminning om å gå inn på denne nettsida og oppdatere kontaktinformasjonen.  

Du får melding om post på SMS og e-post

Når stat eller kommune sender deg eit vedtak eller andre brev med viktig innhald til den digitale postkassen din, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa som du har lagt inn i det felles nasjonale kontaktregisteret. Du kan velje å registrere enten e-post eller mobilnummer, eller begge delar. Det er viktig at denne kontaktinformasjonen er oppdatert.

Påminning om legetime og liknande

E-postadressa og mobilnummeret som du har registrert i kontaktregisteret, kan også brukast av stat og kommune til å sende påminningar og informasjon til deg. Det kan for eksempel vere påminning på SMS eller e-post om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din.

Kva inneheld kontaktegistert?

Kontaktregisteret inneheld mobilnummer og e-postadresse til innbyggjarar som ønskjer å kommunisere digitalt med det offentlege. For dei som har skaffa seg digital postkasse, er val av postkasse registrert. For dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, er dette også registrert. 

Det er berre kommunar og statlege verksemder som kan bruke informasjonen i kontaktregisteret.

Korleis kan du bli oppført i kontaktregisteret?

Dersom du aldri har logga deg inn på ei offentleg teneste (offentleg sjølvbeteningsløysing) på nett, er du ikkje oppført i kontaktregisteret. Dersom du ønskjer å vere oppført i kontaktregisteret, må du skaffe deg ein elektronisk ID, og registrere deg som ny brukar av ID-porten.

Sist oppdatert: 
12. oktober 2016

Sharethis