Oppdater kontaktinformasjon

For at du skal kunne få viktige brev og påminningar frå stat og kommune tilsendt digitalt, må du vere oppført med e-postadresse og/eller mobilnummer i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Du legg sjølv inn kontaktopplysningane dine i registeret. Det er berre stat og kommune som kan bruke opplysningane du har lagt inn.

Oppdater kontaktinformasjonen din 

Dersom du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret. Logg inn for å sjekke og oppdatere mobilnummeret og e-postadressa di:

Oppdater kontaktinformasjonen din

 

Du kan få påminning om legetime og liknande på SMS og e-post

Når du har registrert mobilnummeret ditt og/eller e-postadressa di i kontaktregisteret, kan du få påminningar og informasjon frå stat og kommune digitalt. Det kan for eksempel vere påminning på SMS eller e-post om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din. 

Du får melding om viktige brev frå stat og kommune

Når stat eller kommune sender eit vedtak eller eit brev med viktig innhald til deg, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa som du har lagt inn i kontaktregisteret. Dette er ei plikt det offentlege har, slik at du alltid får vite at du har fått eit viktig brev digitalt. 

Kva inneheld kontaktregisteret? 

Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld informasjon som gjer det mogleg for offentlege verksemder å kommunisere med deg digitalt. Du skriv sjølv inn mobilnummeret og e-postadressa di. Har du digital postkasse hos e-Boks eller Digipost, er val av postkasse registrert. For dei som har valt å reservere seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, er dette også registrert. 

Det er du sjølv som registrerer og oppdaterer kontaktinformasjonen, og du oppdaterer han berre på éin stad. 

Berre stat og kommune har tilgang til kontaktregisteret

Det er berre offentlege verksemder som kan bruke kontaktregisteret. Dei brukar informasjonen i registeret når dei skal sende varsel eller annan viktig informasjon til deg. Når du står i registeret, slepp det offentlege hente inn den same informasjonen mange gonger, og du slepp å oppgi kontaktinformasjonen din til dei enkelte statlege og kommunale verksemdene du er i kontakt med. 

Viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert

Har du ikkje oppdatert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret det siste halvtanna året, vil du få ein e-post eller SMS frå Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) med ei påminning om å gå inn på denne nettsida og oppdatere kontaktinformasjonen.

Står du ikkje i kontaktregisteret?

Dersom du du ikkje er registrert i kontaktregisteret, vil det offentlege ikkje kunne kommunisere med deg digitalt, og viktige brev vil bli sende til deg på papir. Du vil heller ikkje få påminningar eller varsel som blir sende ut på SMS eller e-post frå stat og kommune. 

Slik registrerer du deg i kontaktregisteret

Dersom du aldri har logga deg inn på ei offentleg teneste (offentleg sjølvbeteningsløysing) på nett, er du ikkje registrert i kontaktregister. For å registrere deg brukar du ein elektronisk ID og registrerer deg som ny brukar av ID-porten.

 

Skaff deg ein digital postkasse

Reserver deg mot digital kommunikasjon

Slette kontakinformasjon

Sist oppdatert: 
17. februar 2017

Sharethis