Innhold

Om Noreg.no

Noreg.no er no ein vegvisar til digitale tenester (sjølvbeteningsløysingar) frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Noreg.no gjev deg også informasjon om korleis du kan kommunisere på nett med det offentlege og velje digital postkasse.

Vegvisar til offentlege tenester på nett

Norge.no er ein inngangsport og ein vegvisar til offentlege tenester på nett, på tvers av sektorar og nivå. Dei digitale tenestene er tilgjengelege via søk og ein temameny, og ut frå aktuell livssituasjon. Vi har definert åtte slike livssituasjonar så langt, og samla tenester som er aktuelle å bruke i den enkelte livssituasjonen.

Innan 2016 skal dei fleste kommunar og statlege verksemder vere klare til å sende post digitalt til innbyggjarane. Som innbyggjar kan du velje å få den posten din i Posten si postkasse, Digipost, eller i e-Boks. For å opprette ein slik postkasse, må du ha ein elektronisk ID og ha oppdatert informasjonen din i kontaktregisteret. Dette finn du informasjon om i artiklane under menyen Digital postkasse.

Kommunikasjon på nett som hovedregel

Digital kommunikasjon er hovudregelen når stat og kommune skal kommunisere med innbyggjarane. Den nye e-forvaltningsforskrifta, som tok til å gjelde 7. februar 2014, legg til rette for dette. Endringane skal gje innbyggjarane ein enklare kvardag, betre tenester og raskare svar frå det offentlege.

Felles kontaktregister

Det er oppretta eit felles register over mobilnummer og e-postadresser som det offentlege skal bruke til å varsle innbyggjaren når han eller ho har fått viktige brev eller dokument.

På Noreg.no kan du oppdatere kontaktinformasjonen din i registeret, finne informasjon om korleis du kan kommunisere digitalt med det offentlege eller reservere deg mot digital kommunikasjon. Dersom du treng hjelp til dette, kan kontakte brukarstøtte på telefon 800 30 300.

Digital postkasse

Når du opprettar ein digitale postkasse hos e-Boks eller Digipost, kan stat og kommune sende deg post digitalt. Med digital postkasse får du samla post frå det offentlege sikkert på éin stad. Du kan lagre posten så lenge du ønskjer. Det er gratis å opprette og bruke postkassen. Du kan velje mellom to postkassar, e-Boks eller Digipost. Postkassane er likestilte, og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. Med ein digital postkasse frå e-Boks eller Digipost kan du også få digital post frå private verksemder på same stad som du får post frå det offentlege.

Verksemdene registrerer nye tenester

Verksemdene (statlege etatar, fylkeskommunar og kommunar) kan sjølve leggje inn sine tenester på Noreg.no. Det er verksemda som 'eig' den enkelte tenesta som er ansvarleg for korleis sjølve tenesta fungerer.

Ansvar for rettleiing

Det er den verksemda som eig den aktuelle tenesta, som har ansvar for å rettleie brukaren i gjennomføringa av ærendet sitt, til å gje utdjupande informasjon og til å finne tilgrensande tenester.

Dersom du har spørsmål om innlogging til offentlege tenester eller digital postkasse, kan du kontakte brukarstøtte på telefon 800 30 300 eller e-post brukerstotte@difi.no.

Tryggleik

Dei fleste tenestene på Noreg.no nyttar ID-porten for innlogging. Les om tryggleik og personvern i ID-porten.

Språk

Noreg.no har ei blanding av nynorsk og bokmål på sidene, slik at brukarane blir møtt med begge målformene. Det skal vere minst 25 % nynorsk i eigenprodusert stoff og i omtalen av statlege tenester. Kommunale tenester er omtalte på den målforma kommunen brukar. Rammeverket, dvs. menyar og tekst i topp og botn på sidene, kan ein få på anten nynorsk eller bokmål ved å velje målform i toppmenyen. Noreg.no har også engelskspråklege sider, men ikkje alle tenestene har ei engelsk omsetjing. Dersom ei teneste ikkje er omsett til engelsk, blir den norske teksten vist.

Opne data

Innhald frå den gamle versjonen av Noreg.no ligg ute som opne data på data.norge.no. Her kan ein blant anna finne oversyn over alle statlege verksemder og kommunar med hierarki, kontaktinformasjon og geografisk plassering. Merk at desse data ikkje lenger blir oppdaterte av Difi.

Samarbeidsportal for verksemder

Verksemdene som har tenester på Noreg.no finn driftsstatus og annan informasjon om Noreg.no på Samarbeidsportalen. Alle verksemder som brukar ID-porten har tilgang her.

Sist oppdatert: 
22. januar 2016