Ny i Noreg

Her finn du tenester knytta til asylsøknad, søknad om opphald i Noreg, familieinnvandring, arbeidsinnvandring frå land i og utanfor EU/EØS, au-pair-ordninga med meir.

Ny i Noreg frå Ukraina

Finn informasjon frå offentlege myndigheiter som kan hjelpe deg i din nye kvardag i Noreg. Informasjonen er tilpassa deg som er vaksen og som har søkt eller skal søkje beskyttelse som følgje av krigen i Ukraina. Gå til nettstaden Ny i Norge.

Arbeide i Noreg

Nettstaden Workinnorway.no har informasjon og tilgang til aktuelle tenester for arbeidsinnvandrarar og dei som vil drive næringsverksemd i Noreg.

Studere i Noreg

Nettstaden Study in Norway inneheld nyttig informasjon til utanlandske studentar som ynskjer å studere i Noreg. 

Turist i Noreg

Visit Norway er ein nettstad for dei som planlegg å reise i Noreg. Du finn informasjon og lenkjer som hjelp deg å planleggje kvar du kan reise og korleis du kan kome dit, kvar du kan bu og kva du kan oppleve.   

Ny i Noreg

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

Som ny i Noreg kan du oppleve at det er vanskeleg å finne fram til viktig informasjon om det norske samfunnet. På nettsida til Integrering- og mangfoldsdirektoratet er det samla informasjon om rettar og plikter, praktiske råd og tips som kan hjelpe deg.

Informasjon om krisa i Ukraina

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Vel om du vil finne informasjon om beskyttelse og opphald for å vere i Noreg, eller om du vil reise til Noreg. Informasjon til myndigheter og andre samfunnsaktører er og tilgjengeleg her.

Finn tolk - nasjonalt tolkeregister

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

På tolkeportalen kan du finne tolk med kompetanse i tolking mellom norsk og andre språk. Registeret er først og fremst retta mot tolkebrukarar i offentleg sektor, men det er tilgjengeleg for alle.

Workinnorway.no

NAV

Workinnorway.no er ein nettvisar for deg som ynskjer å arbeide i Noreg og treng råd og informasjon om arbeidssøking, arbeidsliv og flytting. Nettstaden har informasjon for arbeidssøkjarar frå Norden, EU/EØS-området og utanfor EU/EØS-området. Nettstaden har og ein eigen del for norske arbeidsgjevarar som skal rekruttere utanlandsk arbeidskraft til Noreg, samt utanlandske firma som ynskjer å selje tenestene sine i Noreg. Workinnorway.no er eit samarbeid mellom Nav, skatteetaten, Utlendingsdirektoratet (UDI), Arbeidstilsynet og politiet. 

Melding om flytting til Noreg

Skatteetaten

Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månadar, må du melde flytting til Noreg seinast 8 dagar etter ankomst.

Melding om ny mottakar av post

Posten Norge AS

Er du ny postmottakar i Noreg? For å få post må du fylle ut skjemaet 'Melding om ny postmottakar'. Monter postkassa og merk den med fullt namn.  

Helserettar for utlendingar i Noreg

Norsk helsenett SF

Her finn du informasjon om kva rett du har til helsehjelp som arbeidstakar frå land innanfor eller utanfor EU/EØS eller Sveits, pensjonist eller turist i Noreg. Du finn og kva helserettar du har som asylsøkjar, flykting, student eller au pair frå land utanfor EU/EØS eller Sveits.  

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar

Skatteetaten

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) er ein stad der Arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) arbeidar saman for at utlendingar som kjem til Noreg for å arbeide, skal få god rettleiing og kort sakshandsamingstid på søknadane sine. Informasjonen er tilgjengeleg på norsk, engelsk, litauisk, polsk og russisk. 

Korleis bruke MinID-konto

Skatteetaten

Denne informasjonen er for deg som har oppretta ein MinID-konto på skattekontoret, og registrert deg på mobil. Fordelane for deg som arbeidstakar er bl.a. at du kan bestille skattekort på nettet og at du får skattemeldinga elektronisk.